Teater

Leik til døden

Regissør Yana Ross har gjort Vildanden nokså uhøgtidleg.

Anne Sofie Kvalvik spelar Hedvig med ein ny vri på Den Nationale Scene.
Anne Sofie Kvalvik spelar Hedvig med ein ny vri på Den Nationale Scene.
Publisert

I Bergen, på trygg avstand frå Ibsenfestivalen, har Den Nationale Scene late latvisk-amerikanske Yana Ross leike seg med Vildanden. Og leik er det blitt, så det held og vel så det.

I regien nyttar ho alle høve til å la aktørane leike seg, og stundom blir scenen reine leikestova – utan at det tilfører stykket noko radikalt nytt.

Ibsen kalla stykket for ein tragikomedie, og Ross har teke han på ordet ved å spele meir på humor og å gjere framsyninga nokså uhøgtidleg. Meir radikalt er det at ho endrar på Hedvig-karakteren. Her har ikkje 14-åringen dårlege augo, som skulle prove at ho er dotter av gamle Werle. Nei, ho har Downs syndrom, og blir spelt av Anne Sofie Kvalvik, som også har Downs.

Dette grepet gjer noko med heile framsyninga, men kan ikkje fullt ut forklare eller grunngi sluttscenen, der stykket får karakter av hemndrama. I Kvalviks skikkelse har Hedvig færre replikkar enn vanleg, men ho har eit nærvær som får løgnene og falskspelet bak den småborgarlege fasaden til å slå sprekkar. Hennar Hedvig er enkel, og det gjer det paradoksalt nok vanskelegare å manipulere henne. Når ho til slutt løyser oppgåva fundamentalisten Gregers Werle (Frode Bjorøy) har stilt henne, er det ved på dramatisk vis å hogge over den gordiske knuten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement