Teater

Kvinnerøyster

Velspelte monologar, men prosjektet er litt uklart.

Reidun Melvær Berge spelar åtte kvinneroller.
Reidun Melvær Berge spelar åtte kvinneroller.
Publisert

Grepet er spesielt. Ikkje berre har ein teke (utdrag av) autentiske tekstar frå åtte ulike kvinner i tidsspennet mellom 1888 og 2019. Orda er også lagde i munnen på kvinneskikkelsar som i utgangspunktet ikkje har noko å gjere med dei åtte som skreiv eller uttalte monologane skodespelar Reidun Melvær Berge framfører i boksen ho er lukka inne i. Slik blir tekstane allmenngjorde, og pleksiglasboksen skal vel minne om det berømte glastaket og andre hindringar for kvinner i samfunnet vårt.

Bortsett frå at dei fleste tekstane handlar om kvinnesak og likestilling, verkar ikkje utvalet alltid like opplagt. Heller ikkje kven som er valt til å seie kva. Medan det gir meining å la ei gammal kvinne uttale det miljøaktivisten Penelope Lea uttrykte i ei tale for eit par år sidan, er det til dømes ikkje like naturleg å la ein politietterforskar gi røyst til Berit Ås’ sterke tale om kvinnekultur. Men i sum gir tekstane eit perspektiv på kvinners kamp for røysterett og likestilling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement