JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Kva er svik – og kven er svikar?

Ei god og viktig oppsetjing om tema vi helst ikkje vil vite så mykje om.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nina Sele spelar Astrid. Ola Magnus Gjermshus spelar alle mannlege roller.<00E6>tre / Scenekraft / Haugesund Teatertre / Scenekraft / Haugesund Teater</00E6><00E6>tre / Scenekraft / Haugesund Teater</00E6>

Foto: Øyvind Sætre / Scenekraft / Haugesund Teater

3438
20180420
3438
20180420

Haugesund Teater / Scenekraft Teaterkompani

Marius Leknes Snekkevåg:

Sviker – historien om en frontsøster

Regi: Elsa Aanensen
Scenografi: Gjermund Andresen
Musikk: Halvor Lillesund og Vegard Fossum

Med dette stykket fullfører Marius Leknes Snekkevåg trilogien sin med tema frå den andre verdskrigen – og han gjer det på overtydande vis. Alt med Rabinowitz (2011), historia om den jødiske handelsmannen og humanisten som saman med familien blei utradert i Auschwitz, synte forfattaren evne til å trengje djupt ned i stoffet. Likeins i Jeg vil vaske verden ren, ei forteljing om Halldis Neegård Østbyes veg frå borgarleg tryggleik til leiande posisjon i Quislings NS, spelt på Kilden Teater i fjor haust. I sum kastar denne trilogien lys på sider ved norsk krigsrøyndom som vi ikkje høyrer så mykje om – men utan lettvint moralisering.

Rein fiksjon

Ulikt dei to første stykka er Sviker rein fiksjon. Men det er lett å tenkje seg at scenene dramatikaren skriv fram, har solid ankerfeste i opplevd røyndom. Astrid gjekk inn i NS, blei med i den tyske Raudekrossen og verva seg til hjelpeteneste på austfronten. Etter krigen måtte ho sone ein dom for landssvik, men dette held ho hemmeleg for familien ho etter kvart stiftar. Heilt til landssvikarkivet blir opna for ålmenta i 2015.

Sviker er ikkje eit oppgjer med ei kvinne som valde feil side, men snarare ein freistnad på å forstå. Ikkje berre kvifor ho gjekk i tysk teneste, men også kva som dikterte handlingane hennar etter krigen. For opplevingane ved fronten kom til å prege henne så sterkt – og plage henne så mykje – at det også råka ein uforståande familie. Brått og utan forklaring kunne ho reise bort og bli borte i dagar og veker. Når sonen kjem for å konfrontere den aldrande mora, ei kvinne som ikkje lenger heilt kan halde styr på tida, er det like mykje for lidingane ho påførte familien, som det ho gjorde på austfronten.

At ho gjekk inn i NS, forsvarar ho med at «Det var tida vi levde i. Far min blei medlem.» Som sjukepleiar ville ho ikkje sitje og sjå på kor folk leid ved fronten, same kva nasjonalitet dei hadde. Og trassig slår ho fast: «Eg hadde gjort det igjen!» Ho spør, med rette: Kva med alle dei norske som arbeidde for tyskarane – kvifor fekk ikkje dei straff?

Familiesvik

Astrid ser på seg sjølv som svikar – ikkje av landet, men av familien: «Eg ville vere ei heil mor og hustru, men eg var i bitar.»

Scenerommet er fylt av kvite laken som heng ned frå taket, og i takt med at nye bitar av sanninga kjem for dagen, blir lakena rivne ned, eitt for eitt. Til slutt er heile scenerommet nake. I dette kammerspelet er det berre to skodespelarar på scenen. Nina Sele leverer eit nyansert spel der ho fint får fram vekslinga mellom dei ulike tidene Astrid gjennom ulike tilbakeblikk gjenopplever. Ola Magnus Gjermshus må heile tida gå inn og ut av ulike roller, alt etter kva tid Astrid opplever seg i. Han er sonen, pleiaren, ein tysk soldat som var Astrids store kjærleik, og nordmannen ho gifta seg med etter krigen. Overgangane klarar han godt, men det er ikkje alltid lett å skjøne kven han skal vere. Men alt i alt er Sviker ei både god og viktig oppsetjing.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nina Sele leverer eit nyansert spel der ho fint får fram vekslinga mellom dei ulike tidene Astrid gjenopplever.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis