Kaotisk og leikent
Ujamn framsyning som på sitt beste er glimrande komediespel.
Spelet er prega av overskot og glede.
Foto: Rogaland Teater
Rogaland Teater, Hovudscenen
William Shakespeare:
En midtsommernattsdrøm
Omsett av: Niels Brunse
Omarbeidd av Maria
Kjærgaard-Sunesen og
Michael Evans
Regi: Maria Kjærgaard-
Sunesen
Scenografi og kostyme:
Simon Holk Witzansky
Koreograf: Belinda Braza
En midtsommernattsdrøm er ikkje berre Shakespeares mest spelte stykke, det er truleg også hans mest kaotiske og forvirrande, med kjærleiksintrigar og -forviklingar, draumar og spel i spelet. Det som finst av komisk potensial i stykket, og det er ikkje lite, blir i danske Kjærgaard-Sunesens regi teke ut i det aller ytste og får mot slutten sterkt preg av fysisk teater med innslag av japansk kampsport. Som eit turnstemne som er komme ut av kontroll.
Ei stund verkar det masete, tidvis også litt sjarmlaust, men på sitt mest overdrivne og (medvite) overspelte går framsyninga over i det halvt absurde – og fungerer fint. Og det innlagde spelet i spelet bringar galskapen over i folkekomedie av godt slag. Spelet er prega av overskot og speleglede, og mellom dei doriske søylene som får symbolisere både Aten og skogen utanfor, glir samspelet flott.
Som ein kunne vente, gjer Nina Ellen Ødegård ein stødig jobb som Puck, det komiske uromomentet i historia. Men den positive overraskinga er Ragnhild Tysse i rolla som den keitete og kjærleikslengtande Helena. I gummistøvlar og gul regnfrakk skaper ho framifrå komikk. Solid komisk innsats leverer også Jonas Digerud i fleire ulike roller.
Til framsyninga nyttar regissøren danske Niels Brunses omsetjing, som så er blitt lagd til rette for norske tilhøve. Her er det gjort ein del moderniseringar, slik at ord som «kødd» og «kjip» har sloppe fram, og tidvis kan teksten bli litt for prosaisk.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?