Teater
Kampen om sanninga
Lenis blikk – om kunst og propaganda, løgn og sanning – er interessant og velspelt.
Kjersti Elvik (t.v.) spelar Leni Riefenstahl. Katrine Dale har rolla som Nina Gladitz.
Foto: Den Nationale Scene
Som byrjinga på ein tretrinns rakett på Den Nationale Scene denne hausten, er Snekkevågs nyskrivne stykke eit godt utgangspunkt for å utforske kunstens – og kunstnarens – forhold til sanning og ansvar. Og kven ligg nærare å ta tak i enn legendariske Leni Riefenstahl (1902–2003), den makelause dokumentaristen som gjennom ein serie filmar estetiserte nazistane og nazismen, og som resten av livet forsvarte seg med at ho ikkje visste kva naziregimet dreiv med, og at alt som heiter propaganda, var heilt framandt for henne. Røyndomsfornekting på høgt nivå. Og absolutt ingen anger.
Rett tolkar
På Den Nationale Scene har ho funne sin rette tolkar. Sjeldan eller aldri har eg sett Kjersti Elvik på same vis ikle seg ein rollefigur og så å seie bli eitt med kvinna ho skal gestalte. Stolt, suveren, men ikkje usårbar. Skiftande sinnsstemningar og posisjonar råkande formidla gjennom røysta, gestar og mimikk. Mot henne står ein annan dokumentarist, Nina Gladitz (1946–2021), som i førti år arbeidde for å få fram sanninga, og som måtte betale ein høg pris for det.
Etter at Gladitz i 1982 laga ein film om korleis Riefenstahl i 1940 hadde henta ut 132 sintiar og romar som gratisarbeidande statistar frå ein konsentrasjonsleir, og helvta av dei deretter blei avliva i Auschwitz, måtte ho møte Riefenstahl i retten. Der vann ho delvis, men ho blei straffa med at ingen tysk TV-kanal seinare ville gi henne oppdrag.
Året før ho døydde, gav ho ut ei kritisk bok om Riefenstahl. I Tyskland lever debatten vidare. I februar hadde Theater Oberhausen urpremiere på eit stykke av John von Düffel som mellom anna tematiserer konflikten mellom dei to. Forfattaren spør om ho var ein uvanleg gåverik, men naiv filmskapar eller ein bereknande, opportunistisk politikar.
Dei møttest aldri utanfor rettssalen. Det sceniske møtet er ikkje berre fiksjon, det finn endåtil stad etter at båe er døde – kanskje i eit slags limbo. Men i realistiske omgivnader, eit filmstudio. Gevinsten ved å gjere det slik står ikkje klart for meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.