Ivar Aasen-musikal for massane
Det er like lett å like Spynorsk. The Musical, som det er å like vaflar. Vi snakkar koseteater utan altfor mykje næring til tankane.
Julie Moe Sandø i rolla som Aase Ivarsen syng og dansar som ei stjerne. Dessutan har ho komisk talent.
Foto: Ole Heman Andersen / Det norske teatret
Det Norske Teatret, Hovudscenen
Are Kalvø / Ingrid
Bjørnov:
Spynorsk. The Musical
Regi: Ivar Tindberg
Musikk og orkesterarr.: Svenn Erik Kristoffersen
Scenografi: Gjermund Andresen og Stian Hole
Kostyme: Unni Walstad
Koreografi: Eli Stålhand
Lys: Torkel Skjærven
Are Kalvøs tabloide talent sluttar ikkje å imponere. For korleis kan ein få eit større publikum til å få auga opp for teater, nynorsk og Ivar Aasen i éi og same pakke? I dag synest svaret openbert: Ein plasserer korkje teater, nynorsk eller Ivar Aasen i overskrifta, men gjer det heile til ein musikal som dreier seg om den eine referansen alle, i alle fall i min generasjon, har felles: Nynorsk ordliste – i mange klasserom betre kjend som Spynorsk mordliste.
Velkommen til Spynorsk. The Musical, med manus av Are Kalvø og musikk av Ingrid Bjørnov (også Bjørnov bør få ros for sitt tabloide talent).
Vaffeldraum
I Spynorsk. The Musical er Spynorsk mordliste meir enn berre ei ordliste – ho utviklar seg til eit politisk parti. Vi blir tekne med til år 2042 – eit år då både nynorsk og Ivar Aasen er gløymde, då folk går resignerte rundt med øyreklokker og landet vert styrt av ein statsminister blotta for karisma.
Men framtida sitt svar på Ivar Aasen, Aase Ivarsen (Julie Moe Sandø), oppdagar både Ivar Aasen og nynorsken på nytt og ser lyset. Ho vert inspirert til å starte ei ny folkerørsle der ho skal lytte til folk og draumane deira. Og kva drøymer dei om? Det går mykje i vaflar.
Mest gode vitsar
Den som går til framsyninga for å lære om nynorsk og Ivar Aasen, bør kanskje heller finne ei bok på biblioteket. Dei som går dit for å kome i godt humør, går til rett stad.
Spynorsk-oppsetjinga byr på mykje gøyal satire, først og fremst av vår eiga samtid. Ved å flytte spelet til framtida kan skodespelarane sjå tilbake på alle dei rare tinga vi held på med i vår eiga tid. Som å ta nærbilete av vaflar. Kvifor? For å «leggje dei ut» (på sosiale medium).
Vitsane kjem tett, og sjølv humra eg mykje. Enkelte karikaturar vert likevel for velbrukte etter min smak – som karikerte Bærum-snobbar (eg er, til orientering, ikkje frå Bærum). Musikknummer og ei leiken stemning på scena smittar. Dette er feel good, i mangel på eit betre ord.
Og forresten, også musikalsjangeren vert det tøysa med, på vellukka vis.
Ivar Aasen har rockestjerneappell i Frank Kjosås’ rolletolking.
Foto: Ole Herman Andersen / Det norske teatret
«Spynorsk. The Musical passar for alle dei som korkje likar musikalar, nynorsk eller Ivar Aasen, og sjølvsagt for dei som likar alt dette.»
Svak historieforteljing
Stykket vekslar mellom tre tidsplan: 1840-åra, då Aasen verka, 2042 då Aase Ivarsen oppdagar han på nytt, og til slutt året 2092.
Ivar Aasen og nynorsken er den raude tråden som bind tidsplana og handlinga saman, men den raude tråden vert aldri meir enn ein raud tråd.
Når del to startar og merksemda vert retta mot det populistiske prosjektet til Aase Ivarsen, spør eg meg kva som eigentleg er historia her. Eg vert letta når scena skiftar og eg igjen kan la meg rive med av eit songnummer av Frank Kjosås i rolla som Ivar Aasen.
To stjerner
Aasen er i stykket ein rockestjernekarakter som «er for stor for Hovdebygda» og dreg ut i det langstrekte landet (unnateke Finnmark) for å gje folket det dei ikkje veit at dei treng – eit nytt språk.
For meg utgjorde Aasen-tolkinga høgdepunktet, men også Julie Moe Sandø i rolla som Aase Ivarsen syng og dansar som ei stjerne. Dessutan har ho komisk talent.
Spynorsk. The Musical passar for alle dei som korkje likar musikalar, nynorsk eller Ivar Aasen, og sjølvsagt for dei som likar alt dette. Stykket er gøy så lenge det varar, men gjev ikkje mat til diskusjonar om Ivar Aasen eller populistiske rørsler. Og det er eigentleg heilt greitt.
Christiane Jordheim
Larsen
Christiane Jordheim Larsen er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.