Teater

Inn til kaoskreftene i oss

Manes er rått, primitivt og direkte om det dyriske og instinktive.

I det baskiske gjestespelet er publikum tett på skodespelarane.
I det baskiske gjestespelet er publikum tett på skodespelarane.
Publisert

Kor ofte blir du før ei framsyning møtt med ei oppmoding om å gå med klede som kan vaskast? Ikkje ofte, men slik er det med dette baskiske gjestespelet. Og tilrådd alder for publikum er «frå 16 år». Åtvaringane skal vise seg å vere på sin plass.

Manes er fysisk og ekstremt teater, ingen publikummar kan kjenne seg trygg. Heile det svære scenerommet i Grieghallen er teke i bruk, og som tilskodarar bevegar vi oss stadig mellom aktørane – eller omvendt. Det skjer ting på fleire stader om lag samstundes, og berre skiftande lys og lyd fortel kor vi skal vende merksemda. Stadig risikerer vi å bli rende i senk av skodespelarar som kjem brasande fram med ulike remediar, eller dei dreg tunge vogner eller høge master over det spegelglatte golvet. Innimellom haglar kjøtstrimlar, fruktbetar, mjøl og eg veit ikkje kva over oss. Eller vi blir spylte med vatn og anna væske. Det som skjer på scenen, er eit sant kaos, akkompagnert av ei blanding av støy og tung, hamrande puls.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement