Imponerande kammerspel
Høstsonaten er ei heilstøypt framsyning utan plett og lyte.
Eva (Mari Hauge Einbu), Charlotte (Jakke Kokkin) og Viktor (Kenneth Homstad) i stykket av Ingmar Bergman på Trøndelag Teater.
Foto: Terje Visnes
Trøndelag Teater, Gamle Scene
Ingmar Bergman:
Høstsonaten
Omsett av Toril Solvang
Regi: Marit Moum Aune
Scenografi og kostyme: Erlend Birkeland
Med Høstsonaten gjorde Ingmar Bergman det han kunne aller best: grave i vanskelege relasjonar mellom menneske, især slike som er i slekt. Han grev djupt og finn ofte at biletet langt frå er heilt svartkvitt. Denne problematikken har Marit Moum Aune og eit framifrå ensemble utforska på skakande vis.
Då konsertpianisten Charlotte (Janne Kokkin) etter sju år kjem på vitjing til dottera Eva (Mari Hauge Einbu) og mannen (Kenneth Homstad), er det duka for eit generaloppgjer, sjølv om det i utgangspunktet var tenkt som ein freistnad på forsoning. Charlotte er mora som svikta, ho som prioriterte seg sjølv og karrieren framfor ektemann og døtrer. Det går ikkje lang tid før dei galne orda utløyser ein bitter verbal kamp.
Eva går frå å vere den audmjuke, kua, harmoniserande dottera til å bli ein aggressiv hemnar. Men ho må etter kvart innsjå at det finst grunnar til at mora er som ho er, og kanskje er ho sjølv heller ikkje feilfri.
Den verbale kampen mellom dei to kvinnene er intens, på grensa til det stygge, og han får fram eit stort register av kjensler hos dei begge, især hos dottera, som også i kroppshaldninga syner kva som rører seg i henne. Som ektemannen representerer Kennet Homstad det trauste (trass i at gudstrua hans vaklar etter at dei miste son sin), og Maria Omarsdottir Austgulen gir overtydande liv til den handikappa, nesten ordlause dottera som mora ikkje veit korleis ho skal behandle.
Jan H. Landro
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Trøndelag Teater, Gamle Scene
Ingmar Bergman:
Høstsonaten
Omsett av Toril Solvang
Regi: Marit Moum Aune
Scenografi og kostyme: Erlend Birkeland
Med Høstsonaten gjorde Ingmar Bergman det han kunne aller best: grave i vanskelege relasjonar mellom menneske, især slike som er i slekt. Han grev djupt og finn ofte at biletet langt frå er heilt svartkvitt. Denne problematikken har Marit Moum Aune og eit framifrå ensemble utforska på skakande vis.
Då konsertpianisten Charlotte (Janne Kokkin) etter sju år kjem på vitjing til dottera Eva (Mari Hauge Einbu) og mannen (Kenneth Homstad), er det duka for eit generaloppgjer, sjølv om det i utgangspunktet var tenkt som ein freistnad på forsoning. Charlotte er mora som svikta, ho som prioriterte seg sjølv og karrieren framfor ektemann og døtrer. Det går ikkje lang tid før dei galne orda utløyser ein bitter verbal kamp.
Eva går frå å vere den audmjuke, kua, harmoniserande dottera til å bli ein aggressiv hemnar. Men ho må etter kvart innsjå at det finst grunnar til at mora er som ho er, og kanskje er ho sjølv heller ikkje feilfri.
Den verbale kampen mellom dei to kvinnene er intens, på grensa til det stygge, og han får fram eit stort register av kjensler hos dei begge, især hos dottera, som også i kroppshaldninga syner kva som rører seg i henne. Som ektemannen representerer Kennet Homstad det trauste (trass i at gudstrua hans vaklar etter at dei miste son sin), og Maria Omarsdottir Austgulen gir overtydande liv til den handikappa, nesten ordlause dottera som mora ikkje veit korleis ho skal behandle.
Jan H. Landro
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.