Teater
Ikkje-kommunikasjon i barndomsheimen
Tett og fint spel mellom menneske som ikkje har stort å seie til kvarandre.
Ameli Isungset (t.v.) spelar den høggravide kvinna. Her saman med Peiman Azizpour og Kristi-Helene J. Engeberg.
Foto: Den Nationale Scene
Trine Wiggens regi er tru mot Fosses tekst, og dei seks i ensemblet gjer dette til eit velfungerande kammerspel med eit tempo som kanskje ligg i overkant av det forfattaren innbyr til.
Scenograf Ingrid Tønder har laga eit forseggjort dokkehus med seks rom, verdig eit større og meir komplekst drama. Namnet treng knapt dette, og framsyninga rettferdiggjer det heller ikkje. Og rapparen Lars Vaulars musikk gjer lite til eller frå; eit spesialskrive songnummer er berre hengt på heilt til slutt.
Likevel: Framsyninga har mange kvalitetar, især i det fine samspelet i eit stykke som set store krav til musikalitet, timing, pausering og samkøyring. Ikkje alle kjenner seg like heime i det nynorske, men det tek seg fort opp.
Namnet er ein studie i framandskap og skadde familierelasjonar. Den høggravide jenta (Ameli Isungset Agbota) kjem med barnefaren (Kristian Berg Jåtten) til foreldreheimen for å føde. Foreldra er ikkje varsla, og mor til jenta (Sissel Ingri Tank-Nielsen) har ikkje eingong fortalt han som skal bli bestefar (Bjørn Willberg Andersen), at eit barn er på veg. Personane snakkar heile tida forbi kvarandre, kommuniserer ikkje i det heile. Barnefaren tek opp att og opp att at han ikkje kjenner seg velkomen, jenta klandrar han for ikkje å bry seg om henne og barnet, og foreldra hennar må stadig gå og leggje seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.