Kommentar

Eit kinesisk nakketak på USA

Kina har skaffa seg monopol på sjeldne jordartar. Regimet i Beijing trugar ikkje berre det grøne skiftet, men også den militære satsinga i Vesten.

Publisert

I byrjinga av oktober sleppte kinesiske styresmakter ei bombe: Det blei lagt sterke restriksjonar på eksporten av sjeldne jordartar frå Kina. All eksport til militær produksjon blir forbode. Den sivile eksporten kjem til å verta nøye kontrollert, og ingen sjeldne jordartar kan eksporterast utan statleg løyve frå Kina.

I går møtte Donald Trump og Kinas Xi Jinping kvarandre. Trump kalla møtet «fantastisk», men Xi Jingping var langt meir atterhalden. Dei to blei samde om ein mellombels stans i handelskrigen, og det blei sagt at handelen med sjeldne jordartar skal halda fram. Likevel er det lite som tyder på at konflikten om dei sjeldne jordartane forsvinn. Om Kina held fram med restriksjonane, kan det visa seg å vera noko av det viktigaste som har hendt i det dramatiske året 2025.

Hemmar produksjonen

For det er mykje som står på spel: Kinas innskrenking av eksporten av sjeldne jordartar kan føra til at produksjonen i Vesten av bilar, vindmøller, mobiltelefonar, databrikker og batteri blir alvorleg hemma. Endå alvorlegare er det at det kan bli umogleg å produsera dronar og jagarfly. I verste fall er Kina i ferd med å ta kvelartak på den mest avanserte industrien i Europa og USA.

Dei kinesiske eksportrestriksjonane syner noko som me har sett så ofte før: Diktaturstaten Kina tenkjer på lang sikt. Alt under Deng Xiaoping på 1980-talet tok Kina til med å vinna ut dei såkalla sjeldne jordartane. Deng sa sjølv at dei andre har olje og gass, og tenkte då på USA, Midtausten og Russland, men Kina har noko som er minst like viktig, nemleg sjeldne jordartar.

Ikkje så sjeldne

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement