Teater
Idyllen som brast
Sørsiden er skarpsynt om kvardagsidyllen som fasade.
Familien som er på hyttetur, vert spelt av f.v.: Evelina Rygg, Knut Erik Engemoen, Sunniva Du Mond Nordal, Sissel Ingri Tank-Nielsen, Sverre Røssummoen og Embla Oledottir.
Foto: Magnus Skrede
Nest etter Jon Fosse og Arne Lygre er Fredrik Brattberg (41) den mest spelte norske dramatikaren i utlandet. Denne hausten har stykke av han premiere på fem europeiske og ein amerikansk scene. Den Nationale Scene sikra seg urpremieren på Sørsiden, eit originalt drama med ekko av Beckett, især hans Happy Days, og endå tydelegare av Jon Fosse. Både Fosse og Brattberg nyttar seg av ein forskuvingsteknikk, der scener blir repeterte, men aldri heilt likt, som satsar i eit musikkstykke (forfattaren er også komponist). Hos Brattberg skjer det rett nok mindre subtilt enn hos Fosse, men grepet er det same.
Ein viktig skilnad er elles at Brattberg i Sørsiden varslar kvar repetisjon med at barnet i familien skrik som ein måse og gjer vengerørsler med armane.
Dette er ei historie om tre generasjonar – eit eldre ektepar (Sissel Ingri Tank-Nielsen og Sverre Røssummoen), sonen (Knut Erik Engemoen), svigerdottera (Sunniva Du Mond Nordal) og barnebarnet Frida (Evelina Rygg). Dei skal vere saman nokre dagar på familiehytta og dyrke freden, roa og samhøyrsla.
Storm i vente
Men alt før handlinga tek til, får vi eit varsel om at det er storm i vente. Og nettopp fordi det opnar med overdriven idyll og vellæte, anar vi kva som vil komme. Alt i den første av eit halvt dusin repetisjonar kjem det første, vesle varselet. Det tek ikkje lang tid før sonen byrjar snakke om at han vil dra over til sørsida for å bade, og dit vil han ha med seg dottera. Dette irriterer dei andre, og for kvar repetisjon blir irritasjonen større – inntil han går over i vreide og open konflikt.
Problemet er ikkje sørsida, men brotet med idyllen (alt er «så deilig»), og det uttala ønsket om å vere saman og halde krampaktig på noko som det kanskje ikkje er så mykje att av likevel. Det er utbrytaren som ikkje skal tolast; betre blir det ikkje av at han vil ha med seg jentungen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.