JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

I naturens vald

Jostedalsrypa er ein musikal som ikkje heilt har funne stilen sin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Reidun Melvær Berge spelar Jostedalsrypa.

Foto: David Zadig

1745
20191115
1745
20191115

Sogn og Fjordane teater

Maria Tryti Vennerød og Julian Skar:

Jostedalsrypa – ein eventyrmusikal

Regi: Torkil Sandsund
Scenografi og dokkedesign: Tormod Lindgren
Kostyme og dokkedesign:
Dordi Strøm
Dokkemakar: Kari Noreger

Å lage musikal av den mest kjende segna frå Svartedauden er i seg sjølv eit overraskande grep. I tillegg syner det seg at den velkjende delen av legenda om Jostedalsrypa, jenta som åleine skal ha overlevd ein vinter på flukt frå pesten, i denne framsyninga berre er ei utvida rammeforteljing. I sentrum står eit eventyr om korleis jenta klarar seg i samspel og/eller konflikt med dyr som ulv og hjort, hare og lemen. Her speler teksten på kjende eventyr, og framsyninga blir ei blanding av vanleg teater og dokketeater – noko som fungerer godt. Især dei leikne lemena er eit vellukka innslag.

Først blir jenta send til slektningar som bur utanfor folkeskikken, men dei er så karikerte, egoistiske og grådige i maskefjesa at det er vanskeleg å skjøne kva all skriking og negativitet har å gjere i forteljinga.

Jostedalsrypa er ei historie om overleving, om å klare seg og – ikkje minst – om å overvinne redsla for det ukjente, det som blir opplevd som trugande. Men også, i barneteaterstil, om å «omvende» den vonde ulven med godheit og venskap til å bli noko han aldri kan bli. Men konvensjon er konvensjon.

Julian Skar har laga musikken, både til songnummera og som «underlagstonar» til mykje av handlinga elles. Det meste er henta frå popverda, med ekko av samtidsmusikk. Reidun Melvær Berge gjer igjen ein god innsats, syngje kan ho òg. Det musikalske høgdepunktet er duettane hennar med tippoldemora (Idun Losnegård).

Jan H. Landro

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis