Hyggestund om nytt fylke
Vestland, Vestland byr på god, folkeleg humor med varme og brodd.
Claus Sellevold og Sigrid Moldestad representerer kvart sitt fylke som skal slåast saman.
Foto: Espen Nyttingnes
Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret
Finn Tokvam:
Vestland, Vestland
Regi: Arvid Ones
Komponist: Odd-Erik Lothe
Då dei to samarbeidande teatera i Bergen og Førde skulle markere at vi har fått eit Vestland fylke, gjekk oppdraget til allsidige Finn Tokvam. Det var eit godt val, for med underfundig humor og gode observasjonar har han skapt eit lett og morosamt scenemøte mellom to som eigentleg ikkje er så lystne på å bli eitt.
Tvangsekteskap
Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord lèt oss skjøne at det meir er tale om tvangsekteskap enn ekte kjærleik. Og det gir dei rikeleg høve til å rakke ned på kvarandre, men aldri verre enn at vi anar (litt) varme kjensler attom. Dessutan finn dei fort trøyst i at dei slepp å vere austlendingar eller osloborgarar.
Dei to presenterer spreidde glimt frå den felles historia, som visst ikkje er så felles likevel. Til hjelp har dei ei modernisert utgåve av den gamle flanellografen, som vi tilårskomne hugsar frå bibelhistoria i barneskulen. Der kjem det opp både kart og karikaturar, slik også Sellevold serverer lett attkjennande imitasjonar eller parodiar. Fin hjelp har dei også i greie songtekstar med god, nyskriven musikk til, og det musikalske har jo dei to aktørane alltid hatt på stell. Innimellom humoren kjem også litt livsvisdom.
Statistikk
Vi blir fôra med passe dosar statistikk og fakta, gjerne tolka og forklart på sært vis. Munter leik med språket og klisjeane får vi òg. Medan kampen om det nye namnet på fylkesmannen no er avgjort, kan Tokvam fortelje oss at det embetet er berre «arbeid for trygd».
Konfliktar og typar blir tekne på kornet, men stundom blir enkeltnummer dregne for langt ut, og det sære gjennom overspel gjort så sært at røynde Arvid Ones skulle ha trekt i bremsen. Det finst grenser også for kor langt ein kan gå i å karikere bygdeoriginalar utan at det blir berre teit. Men i det alt vesentlege er det blitt ei framsyning til glede for mange. Kanskje kan ho irritere ein og annan òg.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar og journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Konfliktar og typar blir tekne på kornet.
Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.