Teater
Honnør til korpsrørsla
Ei framsyning til glede og attkjenning for alle som har spelt i korps.
Ameli Isungset Agbota og Henrik Bjelland spelar fleire roller.
Foto: Odd Mehus
Om lag 65.000 personar – born, unge og vaksne – speler i musikkorps. Og endå fleire kan vise til ei fortid som korpsmusikar. Då er det absolutt på sin plass at dei får si hyllest også frå scenen. I høve hundreårsjubileet til Norges Musikkorps Forbund i fjor fekk forfattar og humorist Knut Nærum i oppdrag å skrive ein scenetekst, og han er no på vandring i skiftande drakt kringom i landet.
Versjonen Den Nationale Scene syner, er mykje lik den opphavlege frå Teater Innlandet, i og med at teatersjef Janne Langaas også her står for regien. Men skodespelarane er skifta ut, og på premieren var det dei dyktige musikarane frå Strusshamn Skoles Musikklag som sytte for janitsjartonane. For kvar framsyning er eit nytt skulekorps på scenen.
Som teater er dette av det aller enklaste slaget. Ei forteljing om eit år i eit skulekorps, presentert av to skodespelarar i fleire roller og altså eit vaskeekte korps. Det handlar om to typar kjærleik: kjærleiken til korpset og den ikkje heilt problemfrie kjærleiken mellom to unge musikantar.
Her er mykje attkjennande for alle som har spelt i korps eller har vore foreldre eller naboar til øvande musikantar. Det er maset om å stille opp til dugnadar og loppemarknader, det er krevjande dirigentar, fråfall, 17. mai-helvetet og så vidare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.