Teater
Gi plass til det nye!
Eit fromt ønske for teateråret 2019 (og dei følgjande åra): Meir teater, mindre såkalla dramatiseringar av populære romanar!
Foto: Ingun A. Mæhlum
Vi har bak oss eit år der såkalla dramatiseringar av kjende romanar har fått ein altfor stor plass på norske scenar. Av det vi kjenner til om planane framover, blir det neppe færre slike framsyningar første halvåret av 2019. Omgrepet dramatisering er i mange tilfelle blitt grovt misbrukt. For det minner ikkje eingong om dramatisering når ein berre framfører ein nedkorta romantekst utan å ha gjort anna enn nett det: korta han ned. På norsk har vi eit greitt ord for slikt: gjenforteljing. Men å sjå dette på scenen er heller ugreitt.
Meir enn tvilsamt
Når stadig fleire teater – helst institusjonsteater – nyttar seg av slike grep, synest økonomi og publikumstal å vere hovudgrunngivinga. Kunstnarleg er det meir enn tvilsamt. Kvifor driv teater med nokolunde trygg økonomi med dette? Slike lettvinte øvingar ser vi langt mindre til i det frie feltet. Dei satsar i staden på å arbeide fram nye, originale stykke – ofte med godt resultat. Når den nye kulturmeldinga, Kulturens kraft, set opp «Kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet» og «Danning og kritisk refleksjon» som overordna mål, bør kulturminister Trine Skei Grande sjå i nåde til desse gruppene på heilt anna vis enn det dei har opplevd til no.
Det er knapt å vente at slike «litterære» oppsetjingar har noko nytt å tilføre, i staden blir publikum gitt steinar for brød i form av dårlege Det Beste-utgåver. Synd å seie, men Hålogaland Teaters nedstrippa og ostehøvla versjon av Roy Jacobsens allereie klassiske De usynlige, skaffa neppe forfattaren ein einaste ny lesar. Og dei som hadde lese romanen på førehand, gjekk truleg vonbrotne frå teateret.
Strålande
Heldigvis finst det teater som går den motsette vegen, som satsar på nyskriven dramatikk. 2018 viste oss ein tendens som ikkje er ny, men som dette året er blitt monaleg styrka: aktuelle stykke baserte på intervju med menneske i sårbare situasjonar eller menneske som har heilt spesielle røynsler. Dramaturgisk blir resultatet kanskje ikkje alltid heilt som ein kunne ønskje, men innhaldet blir opplevd som så nært og så relevant at kunstnarlege innvendingar blir mindre viktige.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.