Teater

Geniet og det middelmåtige

Det Vestnorske Teateret har sett opp ei langdryg framsyning med gode skodespelarprestasjonar.

Måten den 140 år gamle Logen er utnytta på, fortener eit stort pluss, skriv Jan H. Landro.
Måten den 140 år gamle Logen er utnytta på, fortener eit stort pluss, skriv Jan H. Landro.
Publisert Sist oppdatert

Som ny sjef på Det Vestnorske Teateret ønskte nok Thomas Bye å slå på stortromma. Men kanskje skulle han ha funne seg ei mindre tromme, for denne versjonen av Peter Shaffers Amadeus blei altfor lang og mister slik både saft og kraft. Men måten han utnyttar det vakre lokalet i 140 år gamle Logen på, fortener eit stort pluss. Med denne framsyninga blir rommet opna på heilt nytt vis – til glede for både publikum og aktørar, vil eg tru.

Framsyninga byr på fleire fine skodespelarprestasjonar, men for ofte blir det monologisk forteljeteater i staden for skodespel. Og då kjennest tre og ein halv time for langt. Altfor langt. Når heile historia dessutan er ramma inn av to svært lange monologar, blir det vanskeleg å få opp temperaturen og intensiteten.

For dei som har sett Milos Formans fabelaktige film frå 1984, blir det ikkje noko godt gjensyn. Det får ikkje hjelpe at Hans Henriksens versjon ligg nærare Shaffers opphavlege skodespel enn filmen gjer. Kanskje hadde ei tilnærming til Shaffers filmmanus vore løysinga.

Historia om konflikten mellom det unge geniet Wolfgang Amadeus Mozart og hoffkomponist Antonio Salieri er velkjend, men noko myteprega. Den russiske poeten Pusjkin skreiv eit dramatisk dikt om striden, som Rimskij-Korsakov nytta som libretto for ein opera, og trekvart hundreår seinare følgde altså Shaffer opp.

Mykje står på spel i stykket. Klassisk stil mot ny, avslipt italiensk mote mot tysk vitalitet, forankring i det mytologiske mot samtidstematikk, regeltruskap mot regelbrot, genialitet mot det middelmåtige. To verder som ikkje lèt seg sameine. Og over det heile ruvar Salieris tvisyn. Han som har nådd til topps i det keisarlege Wien med musikken sin, ser at Mozart, denne usiviliserte jyplingen, på alle måtar overgår han i det musikalske. Korleis kan ein gud leggje desse gåvene i hendene på ein slik vulgær halvstyving og ikkje den polerte Salieri?

Det utløyser sjalusi, hat og direkte motarbeiding, men òg ei aukande erkjenning av kva som representerer det perfekte, det som for han sjølv er uoppnåeleg. Og til sist – kjensla av at han har bidrege til Mozarts altfor tidlege død.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement