JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Fosse i støyversjon

Til tider er ikkje originalen til å kjenne att i denne Fosse-tolkinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Martin Lotheringtons Fosse-framsyning byr på mykje musikk.

Foto: Espen Nyttingnes

1778
20221007
1778
20221007

Teater Vestland i Åsane kulturhus

Jon Fosse:

Lilla

Regi og visuelt konsept: Martin Lotherington
Komponist og lyddesignar: Tobias Grønborg

Det er sjeldan å sjå at regissørar «tuklar» med ein Jon Fosse-tekst, men Martin Lotherington har gjort det til gagns. Og så mykje at originalen innimellom ikkje er attkjennande.

Dessutan er det vanskeleg å skjøne kva som er føremålet med somt av det regissøren har gjort. Han har dikta til ei rammehistorie, som ikkje blir ei rammehistorie likevel, som går ut på at det vi får sjå, er eit tilbakeblikk på noko som skjedde ein fredagskveld for 35 år sidan. Då skulle ein tru at perspektivet blei endra, og at det kjem inn eit element av refleksjon. Men ikkje noko slikt er å sjå.

Lilla er det einaste ungdomsstykket Jon Fosse har skrive, tinga av the Royal National Theatre i London. Det handlar om ein konflikt mellom medlemane av eit heilt ferskt rockeband («ingen av oss kan noko»), som har øving i kjellaren under ein nedlagd fabrikk.

Lotherington har skore ned teksten og gjort framsyninga til fysisk teater, med slåsting og knuffing. Det ligg ganske langt frå det vi assosierer med Fosse-tonen. Og alt i teksten som kan gjerast til humoristiske poeng, er nytta til det ytste – og vel så det. Det som i utgangspunktet er eit stykke om fire gutar og ei jente i ein sårbar livsfase, nølande på veg inn i den nesten uhandterlege overgangen til vaksenlivet, blir her meir av eit støyprodukt som i nokon grad overdøyver dei fine nyansane.

Men samspelet er godt, og især Harald Nødtvedt Ottesen imponerer i den krevjande rolla som guten mellom barken og veden.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis