Forvirrar meir enn det forklarar
1984? går inn i haustens teaterdebatt, men dessverre som døme på det vi har fått nok av.
Framsyninga er skriven fritt etter George Orwells framtidsroman.
Foto: Den Nationale Scene
Den Nationale Scene, Teaterkjelleren
Tore Vagn Lid:
1984?
Fritt etter George Orwells roman 1984
Regi og musikk: Tore Vagn Lid
Scenografi og kostyme: Helle Bendixen Trier
Lyddesign: Glenn Erik Haugland, Ragnhild Haugland, Peter Morello
Videodesign: David Alræk
Kvifor gjere det enkelt når det kan gjerast komplisert?
Kanskje hadde det beste vore å overlate regien til ein annan, for ved nokre høve har Tore Vagn Lid vist at han kan fortape seg heilt i teknologien og detaljane. Som her. Resultatet er blitt ei forvansking av noko som kunne vore presentert på ein langt betre og meir råkande måte. Som den siste halvtimen eller så, der regien syner kva enkelt og effektivt teater kan vere.
Med ein kaotisk scenografi som tek heile teatersalen i bruk, men òg gjer det vanskeleg for publikum å få med seg alt, og mange forstyrrande element, kan ikkje dette bli godt teater. Kaoset gjer det rett nok lettare å skjøne det som er blitt obligatorisk i norske sceneoppsetjingar – handhalde videokamera retta mot aktørane. Og så det evinnelege metaperspektivet, her ved at ein skodespelar rett som det er refererer til kva som står i manus, eller at vi også får sjå manus. Det går an å ha tiltru til at publikum skjønar at dette er spel og ikkje røyndom.
Denne framsyninga går inn i haustens teaterdebatt, men dessverre som døme på det vi har fått nok av. George Orwells roman er for viktig og relevant til å bli gjord til leiketeater.
Måten Lid har dramatisert romanen på, er heilt grei og ganske trufast mot originalen. Endringane han har gjort i teksten, er lette å godta og lette å skjøne. At han har erstatta Storebror med Den store andre, verkar unødvendig, men er til å leve med. Handlinga er flytta fram i tid, sjølvsagt, og rammehistoria med å la nokre motstandarar av det totalitære regimet i Oseania møtast i eit nedlagt teater, fungerer fint.
Sjølve kjærleikshistoria mellom Winston Smith (Bjørn Willberg Andersen), den einaste som er gammal nok til å vite korleis det var før «revolusjonen», og byråkraten Julia (Kjersti Dalseide), er den svakaste delen av romanen – men heilt avgjerande for slutteffekten. Her har Lid løyst dette på velfungerande – og svært skremmande – vis.
Igjen får vi demonstrert kor framsynt Orwell var. Ikkje berre peika han på skremmande tendensar i tiåra etter at boka kom ut – stadig meir avansert overvaking, sensur og sjølvsensur, einsretting, desinformasjon og aukande press mot ytringsfridommen – mange av romanens dystre spådommar er dessutan blitt meir av ein røyndom i dag enn i 1984. Rett nok er ikkje omskriving av historia i stort omfang innført enno, men i Russland er Putin godt i gang. Dei totalitære tendensane i Europa er blitt tydelegare, endåtil i Sverige skal politiet visst få ta i bruk uhøyrde hjelpemiddel for å komme dei kriminelle gjengane til livs.
Dei delvis maskerte skodespelarane leverer ein heilhjarta innsats, men blir stundom litt «borte» i masker og drakter. Lydbiletet er svært variert, med eit stort utval musikkreferansar av nyskrive og gammalt som i sum fungerer bra.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.