Førsteklasses underhaldning
Musikalen om Jan Eggum er utan Jan Eggum – nesten.
Karoline Krüger, Kristian Berg Jåtten, Claus Sellevoll, Christine Guldbrandsen og Bjarte Hjelmeland i den romantiske forviklingskomedien.
Foto: Over Norge
Over Norge på Forum Scene
Jan Eggum, Hanne
Toreskås Aspheim:
En natt forbi. En Jan
Eggum-musikal
Regi: Lars Jacobsen
Musikalsk ansvarleg: Hans Einar Apelland
Kapellmeister: Bjarte Aasmul
Scenograf: Lise Christensen
Av trubaduren Jan Eggums rike låtkatalog kan det sikkert lagast fleire musikalar. Men dei som var først ute, har kunna velje frå øvste hylle – og då kan det ikkje gå gale.
Likevel kunne dei gjerne ha plukka litt færre songar og gitt kvar tekst større rom, no blir det mange snuttar. Men mykje av materialet er godt integrert i heilskapen, og sluttresultatet er blitt førsteklasses underhaldning. Nye vinklar på songane får vi ikkje, det var vel ikkje meininga heller.
Forviklingskomedie
Av denne typen musikalar ventar ein ikkje så mykje av manus, ut over songtekstane, jamfør Mamma Mia!. Men Hanne Toreskås Aspheim har sett songane inn i ein romantisk forviklingskomedie, som gir aktørane på scenen høve til å spele teater ved sida av å tolke songskatten.
Lettbeint, rett nok, men ofte morosamt og med gode poeng. Eit metaperspektiv er også bygt inn, ved at personane prøver å skaffe seg invitasjon til ein Eggum-konsert – der hovudpersonen etter kvart dukkar opp i eigen høge person, utan å ta over heile showet.
Alle dei kjende Eggum-temaa har fått plass i framsyninga, som især byggjer på det han skreiv på nittitalet, og då særleg albumet Nesten ikke tilstede, noko av det mest popprega i produksjonen hans.
Strålande vokaljobb
Sjølv om dei fleste songane er så «innsungne» med Eggum-sounden at det verkar rart å høyre andre tolke dei, gjer dei fem medverkande – Karoline Krüger, Christine Guldbrandsen, Bjarte Hjelmeland, Claus Sellevoll og Kristian Berg Jåtten – ein strålande vokaljobb i Hans Einar Apellands forsiktige musikkarrangement. Komediespelet beherskar dei òg, somme betre enn andre, rett nok.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB