Teater

Forførarisk vakkert – men tradisjonstru?

Juleklassikaren sjarmerer og varmar, men er vågal i høve til tradisjonslovnaden.

Amalie Krogh Sundbø som Sonja på Folketeateret.
Amalie Krogh Sundbø som Sonja på Folketeateret.
Publisert

Det udøyelege barnestykket Reisen til julestjernen har vore noko omstridt sidan førre og førebels siste gongen Nationaltheatret henta det fram att. Den gongen vart den kristne julebodskapen (som faktisk aldri har vore dominerande) omhyggeleg nøytralisert vekk, rollebesetninga var samansett med omsyn til fargerikt fellesskap og til dels kjønnsnøytral – og både skurkane og kongen vart gjorde til klovnar i staden for autoritetar.

Arvingane til dramatikaren Sverre Brandt likte ikkje dette og overlét deretter spelerettane til andre aktørar enn Nationaltheatret. No går stykket på Folketeateret, i føretaket Scenekvelders administrasjon.

Framsyninga på Folke­teateret er både visuelt og musikalsk retteleg ein festkveld. Det nærast primitivt enkle eventyret med ditto enkel moral appellerer enno i innpakkinga av nydeleg ballett, fint plastisk komediespel og mykje annan augnelyst, for ikkje å snakke om den vakre musikken.

I dag rår teateret over andre og mange fleire verkemiddel enn i 1924, då stykket hadde urpremiere, og det er ikkje å undrast over at ein vert freista til å nytte seg av dette. Bakprojeksjonar av film når Sonja flyg av garde med nordavinden – og ho sjølv som kjem flygande i stropp ut over teatersalen, det høyrer ikkje med i dei gamle scenetilvisingane. Men det er flott, og det passar inn her.

Likevel kunne det vere artig å vite kva rettshavarane meiner om framsyninga, for her er det òg gjort andre små endringar som er diskutable. I songnummera kjem det små tekstjusteringar som er overraskande for oss som har sett stykket mange gonger før. Heksa har fått ein eigen song, det gjer henne ørlite meir til «showdame» enn vi har tenkt oss henne, og dotter hennar kjem òg aktivt inn i handlinga tidlegare enn før. Og denne gongen er det ingen englar på himmelstigen stjerna kjem ned frå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement