Teater
For mykje monolog, for lite teater
Framsyninga har fine skodespelarprestasjonar, men blir aldri den dramatiseringa ho kunne vore.
Kyrre Eikås Ottersen som Tollak.
Foto: Magnus Skrede
Tore Renberg er ein betre romanforfattar enn dramatikar. Det syner seg ved at dramatiseringa av suksessromanen hans, Tollak til Ingeborg (70.000 selde eksemplar), er blitt for mykje monolog og for lite teater.
Og mørket synest sterkare her enn i boka. Men dette er likevel blitt ei sjåverdig framsyning som skal ut til 68 spelestader over heile landet.
Med denne framsyninga opna Nynorskhuset i Førde dørene for Teater Vestland (som her har fått ein større og betre scene), NRK og avisa Firda.
Tollak (Kyrre Eikås Ottersen) er ein mann som har gått ut av samtida, blitt utidsmessig og vender vrangsida mot alt han ikkje skjønar eller vil skjøne, slikt som smakar av «framsteg». Drikk for mykje gjer han òg. Fornying og tilpassing er ikkje ord han har i vokabularet eller tankar han har i hovudet. Etter at kona Ingeborg (Andrine Sæther) døydde, lever han saman med den psykisk tilbakeståande son sin, Oddo (Sebastian Biong), på sagbruket som knapt har kundar att. Men han har nokre løyndommar som han kjenner han må dele med dei to andre borna sine. Difor har han bede dei komme heim til han.
På scenen er Tollak plassert i ein manesjeliknande ring full av sagflis, eit bilete på kor isolert han er. Berre heilt mot slutten flyttar han seg ut av sirkelen sin, og det er knapt så den konfronterande dottera Hillevi (Malene Wadel) og den meir forsonlege sonen Jan Vidar (Harald Ottesen Nødtvedt) tek steget inn til han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.