Teater

Flytande i tid og rom

Interessant debut som ikkje heilt klarar å samle alle delane, eller ikkje vil.

Sigurd Myhre og Henriette Marø står på scena.
Sigurd Myhre og Henriette Marø står på scena. Sigurd Myhre og Henriette Marø står på scena.
Publisert

Nationaltheatret, Malersalen:

Fotokunstnaren og forfattaren Vibeke Tandberg har gått til teateret. Det gjer ho ved å dramatisere sin eigen roman frå 2014, Tempelhof. Debutarbeidet inneheld også tydelege ekko frå fotokunsten hennar. Resultatet er interessant og syner at ho har ei framtid også innan scenekunsten.

Mykje av det absurde og draumeaktig utflytande frå romanen er med i framsyninga, der tid og rom aldri blir klart definerte, men er i stadig rørsle. Hunder er inga lineær forteljing, snarare ein serie tablå.

Det unge paret Kam (Henriette Marø) og Mak (Sigurd Myhre) står i ein palmehage og speidar mot og roper til ein liten unge. Det er knapt så dei ensar kvarandre. Dei vender seg berre til ungen, og dialogen deira blir absurd, dei snakkar forbi kvarandre. Likevel er det ein påfallande avstand til ungen, som mora kallar «den», men frykta for at noko skal skje med barnet, er også tydeleg til stades. Tandberg skriv om foreldreskap som ei livslang plikt, og her møter vi to foreldre som går så opp i rolla at dei gløymer kvarandre. Slik viskar dei ut sin eigen identitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement