Teater

Fint om kjærleik og livsval

Vondvakkert om det livet dei kunne fått saman.

Ragnhild Gudbrandsen og Helge Jordal spelar i stykket som tek utgangspunkt i ein roman av Bergsveinn Birgisson.
Ragnhild Gudbrandsen og Helge Jordal spelar i stykket som tek utgangspunkt i ein roman av Bergsveinn Birgisson.
Publisert

Dette er historia om eit forhold som ikkje blei noko av. Bergsveinn Birgissons roman er ein monolog, men i dramatiseringa har Stig Amdam gitt han dialogpreg, og det fungerer svært godt. Sauebonden Bjarne og nabokona Helga fekk eit barn saman medan dei levde i kvar sitt kjærleikslause ekteskap. Men då Helga tvinga fram eit val, ville ikkje Bjarne forlate kona og garden, sjølv om Helga gav han ei kjensle av «å røre ved sjølve livet». På terskelen til døden ser han attende på livet sitt og gjer opp rekneskap for seg sjølv og vala han har gjort.

Denne sjølvgranskinga går inn i kjensler og vurderingar det er lett å kjenne seg att i. Dette er mannens sjølvkritiske blikk på det som ikkje blei, valet han ikkje tok. Var det lojalitet, pliktkjensle eller noko anna som heldt han tilbake? I skildringa av moden kjærleik går vemod, nostalgi og ambivalens hand i hand, i ei framføring som også inneheld kulturhistorie – og som slett ikkje er fri for humor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement