Fartsfylt, men
litt ufarleg kabaret
Ei framsyning som har det meste, men bommar på det viktigaste: balansen.
Ida Holten Worsøe og Eirik del Barco Soleglad i musikalen som har vorte kalla den beste i verda.
Foto: Odd Mehus
Den Nationale Scene, Hovedscenen
John Kander, Joe Masteroff og Frank Ebb:
Cabaret
Omsett av Ragnar Olsen
Omarbeiding og regi: Nina Wester
Musikalsk ansvarleg: Helge Lilletvedt
Scenografi, kostyme og masker: Daniel Åkerström-Steen Koreografi: Sofia Södergård
Nytilsett teatersjef Stefan Larssons hovudsatsing denne våren kunne ha blitt ein teatertopp, for det manglar ikkje på framifrå prestasjonar i mange ledd. Men appetitten på leik og fest vann over alvoret i Nina Westers regi, og den ubalansen som dermed oppstod, gjer skade på heilskapen.
Snart nitti år etter tida denne musikalen skildrar, kjennest han urovekkjande aktuell og relevant. Nettopp dei tendensane framsyninga åtvarar mot – autoritære rørsler, jødehat og andre former for hat og framandfrykt – er sterkare no i Europa enn nokosinne etter andre verdskrigen.
Det som framfor noko gjer Cabaret til ein av verdas beste musikalar, i tillegg til musikken og skildringane av ei byrjande undergangsstemning, er den fine balansen mellom djupt, urovekkjande alvor og underhaldning, dette som prega dei første åra av trettitalet i Berlin og som Christopher Isherwood har handtert så godt i romanen Goodbye to Berlin frå 1946. Men det er nettopp her regien sviktar, og då kan ikkje dei mange fine kvalitetane rette opp dette underskotet.
Det er mykje god underhaldning, sterk humor, mykje rørsle og energi, mykje fin og oppfinnsam dans, glimrande orkester, lekker og funksjonell scenografi og ei styggvakker hyllest til ulikskapen, men trass i at første akta er dobbelt så lang som den andre, får det farlege liten plass anna enn i heilt korte glimt. Derfor verkar heller ikkje det farlege så godt førebudd når det openberrar seg. Men det skal seiast at måten «vondskapen» trer fram på, er både elegant og verknadsfull.
Til hovudrolla som den politisk naive kabaretdansaren Sally Bowles har DNS henta inn Ida Holten Worsøe, som gjer ein meir enn fullgod jobb. Hennar Sally er sjarmerande frekk, sterkt sensuell, framifrå til å føre seg og utstyrt med ei praktfull songrøyst. Mot dette fyrverkeriet blir Kristoffer Sagmo Aalberg litt tam som Cliff Bradshaw, men han speler godt opp til henne og gjer forfattar-humanisten til ein høgst truverdig person. Heilt på høgda er likeins Eirik del Barco Soleglad, som gjer den ikoniske konferansieren til den farlege og leikande skikkelsen han skal og må vere. Samspelet mellom Kjersti Elvik og Sverre Røssummoen som husvertinna og den gamle jøden har fleire nydelege parti, elles er det ei glede å sjå Kamilla Grønli Hartvig utfalde seg som prostituert.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar og journalist og fast skribent i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.