Teater

Fabel om makt og avmakt

Kvinnerommet er tankevekkjande om kvinnekamp og minoritetskamp.

Anja Saiva Bongo Bjørnstad, Ánne Mággá og Sarakka Gaup står på scenen.
Anja Saiva Bongo Bjørnstad, Ánne Mággá og Sarakka Gaup står på scenen.
Publisert

Det historiske utgangspunktet for Kvinnerommet er reindriftslova, som over tid har marginalisert reindrifta meir og meir. I 1890 reiser ei samekvinne (Anja Bongo Bjørnstad) til eit slott for å leggje saka si fram for kongen. Ho vil ha hjelp til å sikre at ho kan drive reinflokken sin heilt ut til kysten.

Kongen er på reise, men på slottet møter ho ei hoffdame (Sarakka Gaup), som gjer alt ho kan for å distansere seg frå den samiske bakgrunnen sin, og dronninga (Ánne Mággá Wigelius), som ikkje veit stort om kva som skjer i riket. Det blir ein runddans på det sjakkbrettforma slottsgolvet, ei framsyning av kunnskapsløyse, fordommar og arroganse, med vekt på kjønn og klasse, men også ein vilje til å skjøne.

Eigentleg er dei alle undertrykte; dette kjem til syne når dei etter kvart flyttar seg rundt på sjakkbrettet iført korsett, som skal vise korleis kvinnerolla hemmar utfaldinga deira.

Brått er vi i 2019. Persongalleriet er det same, men no er problematikken ein annan, om enn situasjonen ikkje er radikalt endra. Dronninga blir mellom anna konfrontert med ei dagsaktuell samfunnssak, Jovsset Ánte Sara, som må redusere reinflokken sin med nesten 80 prosent. Men kva kan ei dronning gjere med det?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement