Etter ei seksuell oppvakning
Ei intens og til dels medrivande framsyning, som den forenkla regien stundom driv over grensa til det monotone.
Gjertrud Jynge spelar den vaksne kvinna og Gina Bernhoft Gørvell den unge i dramatiseringa av romanen til Linn Ullmann.
Foto: Erik Berg
Det Norske
Teatret, Scene 2
Linn Ulmann:
Jente, 1983
Dramatisering og regi: Luk Perceval
Omsetjing: Brit Bildøen
Scenograf: Philip Bussmann
Kostymedesignar: Ilse Vandenbussche
Komponist: Sandra Kolstad
Lysdesignar: Mark Van Denesse
Utgangspunktet for denne framsyninga, som for den nokså sjølvbiografiske romanen ho byggjer på, er enkelt, men samstundes uhyre krevjande. Det er tale om ei 55 år gammal, litt depressiv kvinne som ser attende på ei livsdramatisk, kanskje eksistensiell, hending som skjedde då ho var 16 år. Ungjenta reiste frå mora i New York og til Paris for å la seg fotografere av ein motefotograf som hadde «oppdaga» henne. Han er 44 og lokkar henne til sengs med seg.
Noko av det djervaste i boka – og ein styrke i den sceniske framsyninga – er at hovudpersonen som vaksen våger å sjå attende på det som skjedde nesten 40 år tidlegare utan å framstille seg sjølv som eit einsidig offer. Ho er open for at ho kan ha ønskt det som skjedde, ho gøymer seg ikkje bak metoo-maska, men ser at også hennar eige begjær og trong for å bli sett og trådd etter, kan ha verka med til dei røynslene ho som vaksen byrjar utforske.
Forenkling
Forenkling og til dels abstrahering er særmerke ved regiarbeidet til belgiske Luk Perceval. Her kjem det til uttrykk både ved at berre to personar er til stades på scena, og ved at sjølve scena er ei skråstilt, rektangulær plate med eit svart hol i midten, også det rektangulært. Der dels sit dei, dels beveger seg ikring og freistar unngå å ramle utfor.
Gjertrud Jynge speler den vaksne kvinna, som heile tida leitar i sitt eige minne for å gjenskape og forstå det ho opplevde. Gina Bernhoft Gørvell tolkar fleire av dei andre figurane i romanen, både dei tvilsame «kulturmennene» som utnyttar jenta på ulike vis, og dei lite forståingsfulle kvinnene. Ho blir ein versjon av «Skyggesøsteren» i boka.
Kompromisslaust
Det er dristig og kompromisslaust å gjere framsyninga til mykje av eit forteljeteater, men Gjertrud Jynge gir overtydande liv til den tilbakeskodande kvinna, syner både desperasjonen og lengten. Eg har enno til gode å sjå Jynge levere ei likegyldig rolle, og her hentar ho fram det intense nærværet, det såre og viljen til å trengje inn til sanninga. I det minste sanninga anno 2024. Og samspelet med Gina Bernhoft Gørvell fungerer godt, sjølv om ho og dei ho spelar, aldri blir stort meir enn bifigurar.
Dramatisering av romanar, som norsk teater diverre er fullt av, kan vere ein risikosport, der for mykje går tapt eller det mangetydige blir eintydig. Luk Perceval, sjølv ein røynd dramatikar og regissør, går ikkje i den fella. Han løftar fram den indre kampen mellom gløymsle og trongen til å minnast, ønsket om å skjøne og dei kanskje umedvitne motkreftene.
Likevel trur eg han har drive forenklinga litt for langt. Trass i at eg opplever oppsetjinga som sterk og intens, og laga ut frå eit ønske om å yte forfattaren rettferd, får framsyninga etter kvart noko monotont ved seg – noko som ikkje ligg i spelet, for spelet er godt, men i sjølve ideen Perceval har vilja presse historia inn i. Då hjelper heller ikkje ein vel overtydeleg, men ofte svært verknadsfull lysbruk.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.