Teater
Epidemi verre enn koronaviruset
Eit ambisiøst prosjekt som ikkje maktar å yte romanen rettferd.
Ensemblet leverer godt samspel.
Foto: Haugesund Teater
Den portugisiske nobelprisvinnaren José Saramago er kjend for si leikne tilnærming til verda; uvanlege tankeeksperiment er ofte utgangspunkt for romanane hans. Slik også i den politiske og eksistensielle allegorien En beretning om blindhet frå 1995. Her tenkjer han seg at det oppstår ein blindeepidemi – at sjukdommen altså er smittsam! Det utløyser kaos og panikk, og styresmaktene prøver å internere den stadig veksande skaren av blinde på ein stad der dei ikkje kan smitte andre. Taiminga med koronaviruset er perfekt.
Det Kristofer Grønskag har gjort med det dystre stoffet, er ikkje å dramatisere det i tradisjonell meining, men leike seg med det i form av litt distansert forteljeteater, der dei fem aktørane er både forteljarar og skodespelarar, dels også kommentatorar, og der han har lagt inn nokre metaelement som berre fungerer så måteleg.
Mykje av den nattsvarte stemninga frå romanen blir borte, og dei djupare, eksistensielle spørsmåla får heller ikkje det rommet boka gir dei. Personane er åndeleg blinde, vel så mykje som fysisk blinde, og mykje av historia syner kor lett det inhumane og destruktive i menneskenaturen kan komme til overflata gjennom vald, utbytting og annan jævelskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.