Teater

Eksistens og kvardag i nytt Norén-stykke

Lars Norén har skrive eit minimalistisk drama om relasjonar som ikkje fungerer.

Jörgen Thorsson og Elisabeth Wernesjö er eitt av para som vurderer å kjøpe hus.
Jörgen Thorsson og Elisabeth Wernesjö er eitt av para som vurderer å kjøpe hus.Jörgen Thorsson og Elisabeth Wernesjö er eitt av para som vurderer å kjøpe hus.
Publisert

JUPITHER + JOSEPHSSON TEATERKOMPANI

I sitt heilt ferske drama, med urpremiere i Sverige i april, maktar Lars Norén å kombinere det eksistensielle med det kvardagslege på eit vis som skapar attkjenning. Det skjer like lite som i eit Jon Fosse-stykke, men vi meir enn anar at dette vedkjem oss direkte.

Utgangspunktet er så vanleg som det kan vere – visning av eit hus som skal seljast. Scenograf Erlend Birkeland har plassert eit spissgavla hus på scenen, og bortsett frå ei lita hylle på bakveggen er det heilt tomt. Inn i det nakne rommet kjem seks personar, som blir der så godt som heile tida framsyninga varar, men dei står som saltstøtter når dei ikkje talar.

Ulike livsfasar

Dei seks grupperer seg i tre par i ulike fasar av livet: Ekteparet som eig huset (Åsa Persson og Jonas Sjöqvist), men no vil kvitte seg med det i von om å kunne leggje vonde minne og eit havarert ekteskap bak seg, eit middelaldrande ektepar (Cecilia Lindqvist og Mitja Sirén) som trur at ein ny bustad kan gi ny gneist til eit skrantande samliv, og eit ungt par (Jörgen Thorsson og Elisabeth Wernesjö) som er på jakt etter ein stad dei kan byrje livet sitt saman. Felles har dei denne uklare og ofte altfor optimistiske draumen om at bytte av bustad skal skape ei positiv endring.

Heilt i byrjinga av stykket gjer Norén eit grep som fortel at dette også i stor grad handlar om språk. Han lar to par ha nøyaktig same dialog. På den eine sida fortel det kor like – og alminnelege – vi er, på den andre sida illustrerer skifte i toneleie kor mykje meir enn ord språket vårt er, og kor mykje ulikt av meining som kan leggjast i dei same orda. Mistydingar, pausar og uvisse strekar under det språkleg uklare i (den manglande) kommunikasjonen i denne minimalistiske framsyninga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement