Teater

Eit stykke uforløyst teater

Robin faller er på leiting eller identitet og tilhøyrsle – i fugleham.

Fabian Christensen spelar hovudrolla i stykket, som har henta inspirasjon frå det musikalske universet til Kristoffer Cezinando Karlsen.
Fabian Christensen spelar hovudrolla i stykket, som har henta inspirasjon frå det musikalske universet til Kristoffer Cezinando Karlsen.
Publisert

Robin faller er ei framsyning rik på lengt, men det er uklart kva denne lengten rettar seg mot. Det er noko uforløyst over både regien og teksten som gjer det vanskeleg skjøne kva forfattaren, som er mest kjend som skodespelar, vil med dette stykket. Det vender seg især mot ungdom over 15 år og seiest å basere seg på rapparen Cezinandos musikalske univers. Men heller ikkje den koplinga verkar spesielt openberr, til det verkar musikken for «sfærisk» og songane svakt integrerte.

«Fuglestykke»

Det er også uklart kvifor dramatikaren har gjort dette til eit «fuglestykke», der dei medverkande er iførte, eller påførte, elegante fuglekostyme. Her møter vi mellom andre Påfuglen (Fabian Christensen), Falken (Vivild Falk Berg, kjend frå TV-serien Pørni), Hettemåka (Line Heie Hallem) og Strutsen (Hege Aga Edelsteen). Om regien stundom kan ha noko draumeaktig og symbolsk over seg, og teksten tidvis byr på fine poetiske kvalitetar, slit eg med å sjå kva ein vinn ved å ikle personane fuglekostyme og nytte referansar frå ornitologien.

Hovudpersonen heiter Robin (som tyder raudstrupe), er her ein påfugl og ter seg i nokon mon som ein slik. Han er ein karakter unge nok lett kan kjenne seg att i, søkjande som han er både etter ein tydeleg identitet og etter eit sikrare fotfeste i tilværet – samstundes som han også ber på ein draum om å sleppe seg heilt fri. Men då skal ein helst vite kva ein vil nytte fridommen til, og det gjer ikkje denne påfuglen. Tema som identitet og utanforskap er rett nok sentrale også hos Cezinando, men dei er allmenne og ikkje spesielt attkjennande som cezinandoske i dette stykket.

Trubulens

Kring seg har Robin ei mamma (som sette han til verda og deretter stakk og drakk) og ei mor som motvillig har teke hand om han. No er mamma tilbake med flaska i handa, og tidlegare (?) kjærastar virrar også rundt han. Alle vil ha sitt, men kva vil Robin? Og kvar går han? Med ein oppvekst prega av turbulens og uklarleik, er det lett å skjøne at han ikkje så lett finn sin plass i tilværet. Det synest bu ein liten Peer Gynt i han, om han ikkje nett ber på ein draum om å bli keisar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement