Teater
Eit sterkt ja til livet
Ei varmande framsyning til muntrasjon og ettertanke.
Johanna Mørck er åleine på scena.
Foto: Teatret Vårt
Den enkle og evig aktuelle bodskapen i dette stykket har adresse til alle som slit: Hald ut! Livet er alltid verdt å leve.
Ei sju år gammal jente opplever at mor hennar hamnar på sjukehus etter eit sjølvmordsforsøk. På venterommet gir jenta seg til å lage ei liste over ting som gjer livet verdt å leve, til trøyst for dei begge. Frå iskrem via overraskingar til gamle menneske som er snille og ikkje er merkelege og ikkje luktar rart. Lista veks og veks og følger jenta gjennom livet.
Framsyninga er ein monolog, ei historie fulle av rare, små ting som kallar på latteren og ettertanken. Det er også eit stykke som føreset samspel med publikum, som får utdelt nummererte lappar med «fantastiske ting» dei skal lese opp når hovudpersonen ber om det. Men det er ikkje alltid føreseieleg korleis publikummarane agerer, og her syner Johanna Mørck eit imponerande scenisk nærvær og kjapp evne til å improvisere.
Med si sterke utstråling og fine evne til kommunikasjon etablerer Mørck raskt kontakt med publikum. Framsyninga svingar mellom humor og djupt alvor, og desse svingingane taklar ho fint. Spelet hennar er inderleg og inkluderande, uttrykksfullt og vitalt med god taiming og verknadsfulle pausar. På premieren verka ho til tider litt hektisk og nervøs, men det går seg nok til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.