Teater
Eit skikkeleg havari
Den Nationale Scene har satsa stort på å dramatisere ei viktig lokalhistorisk hending, men det har blitt meir enn mistrøystig.
Forliste, tyske emigrantar opplevde svolt og fattigdom i Bergen.
Foto: Den Nationale Scene
I 1817 gjekk eit skip med tyske emigrantar på veg til Pennsylvania på grunn ved Herdla, nord for Bergen. Om bord var 580 menneske, vaksne og born, som flykta frå fattigdom og religiøs forfølging. I Bergen rådde fattigdom, svolt og elende i store delar av befolkninga. Kva skulle dei då gjere med alle dei utsvelta havaristane?
Dette dilemmaet, saman med skildringar av livet om bord på havaristen, er det Stig Amdam tek opp i det nye stykket. Handlinga vekslar mellom eit avvisande borgarskap og dramatikken om bord i de Zee Ploeg. Dessverre har forfattaren smurt så kraftig på med melodrama og overtydeleggjering av parallellane til flyktningsituasjonen i vår tid, at framsyninga stundom kallar på den ufrivillige latteren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.