Teater

Eit skammeleg kapittel

Sytten somrar byr på effektiv historieforteljing, men ujamne prestasjonar.

Odin Waage som den tyske soldaten Hans og Stine Robin Eskildsen som den 17 år gamle Solveig.
Odin Waage som den tyske soldaten Hans og Stine Robin Eskildsen som den 17 år gamle Solveig.
Publisert

Om svik og eit fatalt val med livsvarige konsekvensar. Ei historie vi treng å få gjenteken og gjenteken. Stig Amdam har gitt grei form til tematikken, og regien held tempoet oppe.

Stykket syner eit utsnitt av eit skammeleg kapittel i det norske rettsoppgjeret, om korleis forelska ungjenter blei trakasserte, sende ut av landet og mista statsborgarskapet sitt fordi kjærleiken deira hadde retta seg mot fienden. Andre slapp langt lettare, som vi veit.

Rett nok er fokuset i det nyskrivne stykket retta meir mot forspelet – forelskinga mellom 17 år gamle Solveig (Stine Robin Eskildsen) og den tyske soldaten Hans (Odin Waage frå Rådebank) – og tida deira i eit utbomba Dresden enn mot sjølve behandlinga av «tyskartøsa». Det siste har vel knapt vore tema i norsk dramatikk før. Sjølv om Solveig tilsynelatande slapp lettare enn mange andre kvinner i same situasjon, får Amdam likevel godt fram det audmjukande og nedverdigande desse kvinnene måtte gjennom.

Stine Robin Eskildsen syner at ho har ikkje gløymt korleis det er å vere ung og forelska, spelet hennar verkar overtydande. Også som mor og hustru under svært dystre kår i DDR anno 1954. Waage er ein ung soldat det er lett å forelske seg i, som ektemann blir han meir konturlaus. Susann Bugge Kambestad taklar bra dobbeltspelet som Solveigs syster, medan mora i Irene Waages skikkelse blir for mykje av ein karikatur. Jonatan Filip blir litt stiv i rolla som ekskjærasten som skal tvinge ei tilståing ut av Solveig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement