Teater
Ein naudsynt provokasjon
Bin Laden: The One Man Show er sterkt og tankevekkjande formidla på enkelt, men effektivt vis.
Ikkje noko rettferdiggjer det som blei gjort i USA 11. september2001. Men vi har godt av å høyre noko av historia bak. For ho blir samstundes ei høgst naudsynleg påminning om kva det såkalla amerikanske demokratiet har utretta av vald, øydelegging og manipulasjon kring om på kloden, i namnet til verdspolitiet. Og med lisens til å drepe. Dess lenger heimanfrå dess betre. Og ofte: dess styggare.
Gradvis radikalisert
For mannen vi kjenner som Osama bin Laden, var lenge ein idealist og tilhengjar av ikkjevald. Han er det vi møter i denne einmannsframsyninga, der Thomas Bye gir kropp og røyst til han som lenge var verdas farlegaste og mest ettersøkte terrorist, planleggjaren bak den mest spektakulære valdsgjerninga vi til no har sett.
Her får vi eit anna bilete av mannen, utviklinga frå idealistisk ikkjevaldstilhengjar til nådelaus drapsmann. Det spesielle er at perspektivet heile tida ligg hos han.
Har vi noko å lære av historia hans?
Absolutt. Ikkje at lærdommen vi får, er heilt ny. Mykje av dette har vi visst i mange år, også før 2001. Men det har vel aldri lege lengst framme i pannebrasken. I tilfellet bin Laden byrja det med at den rike, unge muslimen frå Saudi-Arabia, godt gift og med ein liten son, ved hjelp av Koranen såg føre seg ein tredje veg mellom kapitalisme og kommunisme. Så blir han gradvis radikalisert av ein palestinsk ideolog. Då Sovjet invaderer Afghanistan, blir han aktiv, i trygg visse om at USA er the good guy.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.