Teater

Ein emosjonell kraftprestasjon

Arv og miljø er sterkt og godt teater med fine rolleprestasjonar i ei original regiløysing.

Kjersti Elvik står åleine på scena i to timar utan pause.
Kjersti Elvik står åleine på scena i to timar utan pause.
Publisert

Mykje er gjort rett i denne oppsetjinga, og resultatet er strålande. Dei som har lese Vigdis Hjorths roman, veit at hovudpersonen Bergljot (Kjersti Elvik) står aleine mot foreldra og nesten heile søskenflokken. Som ei understreking av dette har Kjersti Horn plassert henne heilt aleine i det store, tomme scenerommet, så møter vi dei andre personane på ein svær videoskjerm som heng ned frå taket midt på scenen. Rett nok gir dette meir samsnakk enn samspel, og berre i avgrensa grad kan aktørane kommunisere med kvarandre ved hjelp av gestar og mimikk, men den originale og teknisk krevjande løysinga fungerer likevel forbausande godt.

Arveoppgjer

Handlinga i stykket, som i romanen, dreier seg om arv, om to sysken som ikkje får like mykje som dei to andre. Men under ligg noko langt meir alvorleg: ein far som har forgripe seg på den eldste dottera, Bergljot, noko korkje han eller resten av familien vil vedgå. Det er enklast å ikkje tale om det og halde fram som om det ikkje har skjedd. Men denne avvisinga får alvorlege konsekvensar, ikkje berre for henne som var offer for overgrepa.

Som teater må dette bli stilleståande, men løysinga med at hovudpersonen kommuniserer med dei andre i familien via video, skaper ein eigen dynamikk. Personane i halvfigur som dukkar opp på skjermen, ser rett på oss og forsvinn etter korte replikkar eller replikkvekslingar, blir til ei rørsle som opphevar det stilleståande. Dette regigrepet tener dessutan til å framheve endå eit sentralt poeng ved romanen – at det er i språket dramaet utfaldar seg. Det kjem òg til uttrykk gjennom e-post, tekstmeldingar og brev som blir refererte. Sterkast av alt er e-brevet dottera til Bergljot, Tale (Ameli Isungset Agbota) sender til mormora si. Det er ord som kan tvinge tårer av stein.

Forteljeteater

Med berre éin person på scenen gjennom heile den to timar lange framsyninga, må dette i nokon grad bli forteljeteater. Bergljot fortel historia si, heile tida supplert, korrigert og til dels direkte verbalt angripen av dei andre i familien. Berre kjærasten og dei tre borna hennar støttar henne, men fleire av dei er usikre på om det kan komme noko godt ut av krigen ho fører.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement