Teater
Ein anarkists tilfeldige liv
Eldsjela Emma Goldman vert spelt med nøkternt grep – og grip.
Hanne Dieserud spelar hovudrolla.
Foto: Marie Wien Lodsby
Jens Bjørneboe var som vi veit ein idealist i evig kamp mot alle tilhøve der makt ville overkøyre rettferd. Skodespelet om den jødisk-litauiske anarkisten Emma Goldman (1869–1940) er den ufullenda symfonien hans. Det vart aldri heilt ferdig frå hans hand, og aldri oppført før Grusomhetens Teater gjer det no.
I Bjørneboes og indirekte i Bertolt Brechts ånd har dei laga ei stilisert og heilt usentimental framsyning. Kynisme, mord, avretting og terror vert skildra i stramme, enkle strekar, som ein stadfestande bakgrunn for menneske som aldri, ikkje på noko vilkår, vik frå overtydinga si.
Dei fleste skodespelarane går ut og inn av ulike roller, i provisoriske kostyme- og maskeringsløysingar, og dei skifter synleg ute på sida av scenen. Men sjølv på eit så openlyst metanivå skaper dei minneverdige karakterar. Hovudpersonen Emma vert spelt med trygg, roleg autoritet av Hanne Dieserud, alltid i balanse, men med ein sterkt merkbar varme under yta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.