Teater

Ei teateroppleving av det sjeldne slaget

I denne forvandla klassikaren skal mykje klaffe – og det aller meste gjer nettopp det.

Tani Dibasey spelar Alexander og Ingrid Rusten har rolla som Fanny i framsyninga på Rogaland Teater.
Tani Dibasey spelar Alexander og Ingrid Rusten har rolla som Fanny i framsyninga på Rogaland Teater.
Publisert

Ingmar Bergman, Arne Lygre og Kjersti Horn er ein knallsterk kombinasjon. Lygre har korta ned og «ordna» Bergmans 40 år gamle, dels sjølvbiografiske meisterverk til ei framsyning på to timar og førti minutt, utan pause. Horn har gjort stoffet til sitt med det etter kvart velkjende regigrepet live videofilming presentert med ein straum av nærbilete, her filma av skodespelarane i sanntid. Nærare denne gongen enn ho kanskje har gjort før.

Medan vi i Horns Romeo og Julie på Den Nationale Scene knapt fekk eit glimt av skodespelarane, alt var på skjerm, er dei i stadig rørsle bak, på sida av eller framfor skjermen i denne framsyninga. Det gir opplevinga større djupne og rikdom.

Dobbel kameraføring

I bakgrunnen ser vi den ekdahlske stova om lag slik vi hugsar henne frå filmen. Også når handlinga går føre seg i den dystre bispebustaden, filma live i kjellaren under hovudscena på teateret, anar vi liv i stova. Verknadsfullt er likeins den doble kameraføringa, som stundom gir oss «alternative» eller «opposisjonelle» bilete nede i høgre hjørne av skjermen. Bruken av såkalla green screen innimellom, ein duk som gjer det mogleg å redigere inn ein annan bakgrunn, verkar derimot mindre nødvendig.

Bergmans omfangsrike familieepos med sitt store persongalleri er trimma ned, Lygre har måtta gjere mange val – og alle er ikkje like vellykka. Men i sum har han likevel treft ganske godt. Og Kjersti Horn er ikkje den som gjer jobben halvferdig. Så totalt er denne juleforteljinga blitt ei framsyning som gjer seg svært godt – med eit tempo og eit spel som får timane til å bli borte.

Det finst eit markant skilje mellom Bergmans versjon og det Lygre/Horn har laga. Ekteskapet mellom biskop Vergerus (Anders Dale) og Emilie Ekdahl (Nina Ellen Ødegård) med dei forferdelege konsekvensane for Fanny (Maria Lingfors) og Alexander (Tani Dibasey) har fått ei heilt dominerande rolle her, på kostnad av livet i familien Ekdahl. Det igjen har ført til at somme skikkelsar er blitt heilt borte, medan andre – især Gustav Adolf Ekdahl (Espen Reboli Bjerke) og kona Alma (Ragnhild Arnestad Mønness) – kanskje helst kunne vore kutta heilt ut. Så kunne heller familien Ekdahls mater familias (Kim Fairchild) fått større plass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement