Teater
Drama på liv og død
Ein rå kamp mellom ektefellar i brutal Strindberg-stil.
Per Frisch, Pål Rønning, Reny Gaassand Folgerø og Ragnhild Gudbrandsen blottstiller baksidene ved ekteskapet i den moderne klassikaren.
Foto: Magnus Skrede
Av samlivskriser i dramalitteraturen er få stykke meir intenst destruktive enn denne snart 60 år gamle klassikaren. Dei to hovudpersonane, Martha (Ragnhild Gudbrandsen) og George (Per Frisch), er knapt komne innanfor døra heime før dei gyv laus på kvarandre med verbale finter og sårande kommentarar.
Betre blir det ikkje då dei får nattleg besøk av det unge ekteparet Nick (Pål Rønning) og Honey (Reny Gaassand Folgerø). Nick er ein mann som trur at om han blir kjend med dei rette folka og seier dei rette tinga, vil han raskt nå toppen. Men hos Martha og George får han røyne at han er kommen til feil folk. Han og kona blir nytta som reiskapar i ein intern kamp på liv og død. Spelet gjestane blir involverte i, er ikkje for amatørar.
George kan vere uvennleg med Nick, vri på alt han seier, misforstå med vilje eller gjenta utsegna hans på komisk måte og slik nedverdige han. Men det er i konfrontasjonane med Martha dei etsande kommentarane verkeleg får giftsmak. Der ho berre er vulgær, ufin og høgrøysta, men drepande nok i åtaka sine, har han omskapt nederlaget sitt til verbal finesse. Infamitetane står i kø, og han avleverer dei med den største presisjon.
Illusjon
Dei kan drepe kvarandre med ord, rive kvarandre i stykke, men til slutt går hat og kjærleik opp i den høgare eininga som heiter gjensidig avhengigheit. For i dei mislukka liva sine deler dei ein illusjon – om sonen dei har dikta opp fordi dei ikkje kunne få barn. Og før det alkoholdynka nachspielet er omme, er også denne livsløgna torpedert.
Når George til slutt tek livet av fantasisonen, er det ikkje berre liksomlivet deira han punkterer, men også The American Dream. For namna på ekteparet er ikkje tilfeldig valt, dei er eit ekko av landsfader George og Martha Washington.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.