JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

«Det Liv Gulbrandsen gjer med si eiga familiehistorie i denne framsyninga, er stor kunst.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Liv Gulbrandsen har skrive og speler i stykket om Ibsen og mormor hennar.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

3694
20240223
3694
20240223

Den Nationale Scene, Store Scene

Liv Gulbrandsen:

Hold kjeft, det er Ibsen!

Av og med Liv Gulbrandsen

For ein artist Liv Gulbrandsen er! For ein formidlar av eit stoff som er heilt hennar eige, og som lever så rikt i henne! Så har ho også eit unikt utgangspunkt: ei mormor som var så oppteken av Ibsen at ho drog fem år gamle Liv med seg på Nationaltheatret for at barnebarnet skulle få oppleve at Hedda Gabler skaut seg! Og då Hedda ligg der, vender mormora seg til ungen og spør: «Hva lærte du nå?»

Ei slik oppleving merkjer eit barnesinn, og det blir aldri borte. Då er det bra at det kan skapast om til god kunst, slik som i denne framsyninga, som Gulbrandsen speler kringom i landet. Av dette stoffet har ho laga teaterhistorie, sosialhistorie og familiehistorie, alt vove saman til eit to timars standupshow av ypparste kvalitet.

Kortversjonar

Og når du har høyrt Liv Gulbrandsens fabelaktige kortversjonar av kjende Ibsen-drama, tek du til å lure på kva du skal med originalen.

Slik var det også då ho for nokre år sidan tok føre seg Karl Ove Knausgårds altfor ordrike, altfor detaljrike og altfor lange 3622 sider Min kamp og presenterte sin eigen versjon på om lag 90 minutt. Respektlaust så det heldt, og slik måtte det vere.

På eit vis er det tidvis respektlaust slik ho omtalar mormora og slekta si i denne framsyninga òg, men det er gjort med slik kjærleik og forståing at knapt nokon vil reagere på det. Og så fullt av humor, men heilt utan det som i tidas tale blir kalla «utdriting». Tvert om, ein merkar varmen.

Måten ho saumlaust vekslar mellom alvor og humor på, og overgangane mellom dei, vitnar også om ein kunstnar med full kontroll over det ho held på med. Så er det denne magiske språktonen hennar, som dreg oss med, får oss til å skjøne, gjer det klart at alt ho fortel, er jo så opplagt. Somt ho seier, kan verke absurd, men ikkje når det kjem ut av hennar munn.

At ho nytta dei første ti minutta til å varme opp publikum, så å seie utforske salen, verkar heilt unødvendig. Ho kunne jo fått oss til å ete av handa hennar straks ho var i gang med det ho var kommen for.

Historia til mormor

Dette er ikkje berre ei historie om Ibsen og unge Liv, men også om mormora og dei 13 søstrene hennar. Kvinner som kom frå ein liten gard i Hobøl, kvinner utan utdanning, kvinner som alle hadde arbeidd på Grand i Oslo. Utruleg, men likevel til å tru i denne samanhengen, er historia om den eine søstera som ved sin død testamenterte bort pengar ho ikkje hadde, og som avslutta testamentet med ei helsing til dei som levde att, om at dei trong ikkje gle seg, snart var det deira tur.

Men framfor alt handlar det om denne mormora, som med åra fekk seg Obos-husvære på Oppsal med ein luksus lysår unna dei forholda ho hadde vakse opp i. Og som altså elska Ibsen, og sytte for at Liv (altfor) tidleg fekk gjere seg kjend med Hedda, Nora, Gina og dei andre Ibsen-kvinnene. Ikkje berre éin gong, men kvar gong det kom nye Ibsen-oppsetjingar på Nationaltheatret. Slik fekk ho òg det unge barnebarnet til å reflektere over desse kvinnelagnadene, og nokre av desse refleksjonane formidlar Liv til oss frå scenen – somme tider i eit uventa, men klargjerande perspektiv.

Prikken over den store i-en kjem i dei siste orda mormora ytrar før ho døyr. Usannsynlege, men likevel til å tru.

Det er all grunn til å vere takksam for at Liv Gulbrandsen ville feire 50-årsdagen sin saman med oss på Den Nationale Scene i Bergen.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Av dette stoffet har Gulbrandsen laga teaterhistorie, sosialhistorie og familiehistorie.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis