JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Der mykje står på spel

Intenst og nært om lengt, sakn og døden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Den Nationale Scene

Foto: Den Nationale Scene

3301
20200828
3301
20200828

Den Nationale Scene

Linn Ullmann:

De urolige

Manus og regi: Annika Silkeberg, fritt etter Karen-Maria Billes dramatisering
Omsetjing: Cecilie Løveid
Scenografi, lys og kostyme: Jenny André
Musikk og video: Fredrik Arsæus Nauckhoff

Det er ikkje lett å vere barn. Men heller ikkje å vere foreldre – især om du har eigne ambisjonar, eigen karriere du vil dyrke. Dette, og mykje meir, har Linn Ullmann skildra på framifrå vis i den rike og fint balanserte romanen De urolige (2015). Den nedstrippa utgåva vi får sjå i Teaterkjelleren på DNS, tek fint vare på utvalde motiv frå boka og kombinerer nådelaus realisme og vàr poesi.

Teaterstykket er ei 80 minutts versjon av Linn Ullmanns over 400 sider tjukke, sjølvbiografiske roman om livet med to berømte foreldre – Liv Ullmann og Ingmar Bergman. Teksten har vore gjennom ei nordisk vandring før han kom til Bergen. Danske Karen-Maria Bille dramatiserte boka til eit stykke for tre kvinneroller, som gjekk på Dramaten i Stockholm sist haust. Så har den svenske regissøren Annika Silkeberg korta ned og forma om Billes tekst og gjort den eine rolla til mannsrolle, som i romanen. Og Cecilie Løveid har til sist gitt teksten norsk språk.

Døden

Handlinga er plassert på Fårö i Østersjøen, der den berømte regissøren levde siste del av livet sitt. Jenny Andrés matte, grå scenografi er dominert av eit stort basseng, som tallause, svarte ballettsko blir heiste ned i og opp av, og som dei tre medverkande vassar og «sym» i. På treveggene rundt blir sjøen som omgir den vesle øya rett nord for Gotland, projisert.

Mange motiv er vovne saman i denne tolkinga, men to står fram som sentrale – det svikta barnet og døden. Dei skilde foreldra ville vere frie og visste knapt korleis ein tar hand om eit barn. Omsorgssvikt ville ein ha kalla det om ikkje foreldra var så berømte. Barnet blir ein kasteball. Ho vil vere saman med dei begge, «men det var aldri oss tre». Slik blir det også ei sterk historie om lengt og fråvær.

Men det handlar også om tid og døden som ventar. Faren er aldrande, han merkar korleis han er i ferd med å miste grepet om livet og om seg sjølv. Og dottera blir hjelpelaust vitne til det som skjer.

Fiksjon eller dikting

Susann Bugge Kambestad har nerve og nærvær i spelet sitt, og får nyansert og truverdig fram korleis hovudpersonen er splitta mellom barn og vaksen og korleis motstridande kjensler slåst i henne. Ein fin prestasjon. Gerald Pettersen speler den aldrande faren med resignert ro, medan Marianne Nielsens mor tidvis verkar i overkant hektisk.

Ingen av dei tre personane i stykket har namn. Det gjer framsyninga meir allmenn, tematikken er jo også noko som vedkjem dei aller fleste av oss. Likevel er det problematisk, i romanen som i dramatiseringa, at vi veit kven dei tre personane er – utan å kunne vite kva som er fiksjon og kva som er dikting. Ideelt sett skulle ikkje dette ha noko å seie for opplevinga, men eg sit stundom med ei kjensle av at det likevel gjer det – især i nokre scener der Marianne Nielsen framstiller mora, altså Liv Ullmann, som nokså alkoholisert.

JAN H. LANDRO

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Teaterstykket er ein 80 minutts versjon av Linn Ullmanns over 400 sider tjukke, sjølvbiografiske roman om livet med to berømte foreldre – Liv Ullmann og Ingmar Bergman

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis