Den vanskelege, men nødvendige venskapen
I vårt sted byr på fint samspel i ein rik og lågmælt tekst, som kunne tent på å bli kutta litt.
Skodespelarane er plasserte i ein kvit kube.
Foto: Den Nationale Scene
Den Nationale Scene/ Teaterkjelleren
Arne Lygre:
I vårt sted
Regi: Mari Vatne Kjeldstadli
Scenografi: Sven Haraldsson
Lysdesign: Anne E. Bergendahl
Komponist: Guro Moe
Nest etter Jon Fosse er Arne Lygre den fremste samtidsdramatikaren vår. Med ein omfattande produksjon har han vunne seg eit betydeleg namn i internasjonalt teater. I vårt sted har alt skaffa han Ibsenprisen og Heddaprisen og er kanskje det beste Lygre har levert til denne tid.
Med dette stykket borar forfattaren djupt i temaet venskap og dei ulike formene og retningane det kan ta. Tre kvinner – den aldrande Astrid (Marianne Nielsen), den middelaldrande Sara (Kjersti Elvik) og den unge Eva (Susann Bugge Kambestad) – er på ulike vis knytte til kvarandre. Medan Astrid har ein vaksen son, er dei to andre kvinnene barnlause. Astrid og Eva har ein lang venskap bak seg, men då Eva trong ein pause, kom Sara inn.
Det skal mindre til for å skape sjalusi og rørsle. Frå scenen får vi presentert eit i og for seg stille relasjonsdrama med vekslande posisjonar og konstellasjonar, ei og anna verbal stikkpille og innblikk i kva einsemd, avhengnad og fråvær av kjærleik kan bety. Det handlar også om å bli sett, forstått og elska. Stykket er replikktungt, men samtalane om liv og sakn, familie og kvardag, svik og tilgiving, sjølvinnsikt og sjølvkritikk vitnar om mykje menneskekunnskap hos Lygre. Men så er jo dette tematikk denne forfattaren har arbeidd med før.
Tittelen I vårt sted peikar mot kor lett vi kan bli skifte ut, og korleis slike endringar kan snu opp ned på heile biletet. Nett det skjer etter pausen. Maktbalansen er skjør, og desse kvinnene veit det. Men dialogen som så følgjer, kjennest i lengste laget og litt repeterande.
Tematikken er elegant turnert av dramatikaren og overtydande tolka av det kvinnelege førstelaget på Den Nationale Scene, som veit å ta vare på alle nyansane i stykket. Dei tre skapar truverdige skikkelsar med individuelle og ærlege reaksjonar på det som skjer med og kring dei. Og regissør Kjelstadli ser til at framsyninga aldri blir hektisk, men flyt i ein fin rytme.
På teateret har Sven Haraldsson plassert aktørane i ein heilt kvit kube, som lysdesignar Bergendahl på nesten umerkeleg vis gir stadig skiftande fargenyansar. Det fungerer framifrå og gjer dette til ei framsyning som fungerer godt på alle nivå og skapar ein sjeldan fin einskap, der Guro Moes forsiktige tonar aldri får ta kommandoen, men stille antyde kva vi er vitne til.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.