JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Den gamle mannen og kunsten – og Gud

Slik var det reflekterer over liv og kunst.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gerald Pettersen, som er åleine på scena i dette stykket, feirar 40 år som skodespelar i år.

Foto: Jenny André

3098
20201211
3098
20201211

Den Nationale Scene, Lille Scene

Jon Fosse:

Slik var det

Regi: Annika Silkeberg
Scenografi, lys og kostyme: Jenny André
Musikk og video: Fredrik Arsæus Nauckhoff

Denne teksten, som nett har hatt urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen, er den andre lengre monologen Jon Fosse har skrive. Den førre var Gitarmannen (1997). Dette er òg den første premieren på nytt teatermateriale frå forfattaren på ti år. Men fleire tekstar ligg på vent.

Stykket er nok det mest «filosofiske» Fosse har skrive for teateret, tvillaust også det som går nærast inn på hans eige liv som forfattar. For gamlingen vi møter på scena, det første kvarteret liggjande inntulla i ein regnfrakk, er målar av det modernistiske slaget. På golvet står stablar med målingspøsar, og ein liten augneblink svingar Gerald Pettersen òg målereiskapen mot ein av veggene, som elles er fylte av videoprojeksjonar. No har tida gått frå han, han er ustø på handa og dårleg til beins og kan innimellom tru at Gud har forlate han.

Einsemd

Fire element er sentrale i det sjølvransakande tilbakeblikket kunstnaren tek oss med på – kunsten, katolsk kristendom, meininga med livet og alkoholen. Meining i seg sjølv finst nok, men Den Store Meininga har han inga tru på. Ho må i så fall liggje i musikken til Bach, især i Goldbergvariasjonane og Matteuspasjonen. Innimellom drammane funderer kunstnaren over livet etter døden, riv sider ut av Bibelen og les om denne merkelege «oppstoda i kjøtet», korleis det no skal gå til. Den namnlause karen har ofra alt for kunsten, bileta heng på «gjæve museum», men tre ekteskap har gått til helvete, og borna har han ikkje lenger kontakt med. Og livet, det er – med eit sitat frå T.S. Eliots The Waste Land – berre «a heap of broken images», får vi høyre.

 Han lever, og vil døy. Men vil likevel leve, trass i alt. Han ventar på ei kvinne, truleg heimehjelpa, som aldri kjem. Ho irriterer han berre med alle spørsmåla om privatlivet hans, men ho representerer eit brot i einsemda og tener delvis som motor for «forteljinga». Til slutt vender han seg til Gud i bøn.

Utforsking

Det ligg nær å sjå denne monologen som nok eit steg i den utforskinga av livet og døden som mykje av Fosses dikting handlar om. Og trådane til den store septologien som er under utgiving, er ikkje vanskelege å få auge på.

Videoprojeksjonane, som er blitt eit must i norsk teater, fungerer bra her. Både med scenene der Gerald Pettersen syklar gjennom byen før framsyninga tek til, og med nærbilete av den liggjande kunstnaren tidleg i framsyninga. Verre er det med dei mange bordtennisballane som med mellomrom blir sleppte ned frå taket og etter kvart flyt utover heile golvet. Dei kan symbolisere både det eine og andre, og kva så?

Det er inga munter framsyning, men ho er slett ikkje fri for humor. Gerald Pettersen gestaltar den gamle kunstnaren livfullt og overtydande, er stadig i rørsle og driv spelet framover. Nyansane i teksten tek han òg godt vare på.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis