Uferdig og lite interessevekkjande
Røyk over Isdalen er ei årleg utnytting av spennande materiale.
Herman Ljung i stykket som hadde urpremiere i Teaterkjelleren 15. oktober i år.
Foto: Thor Brødreskift
Den Nationale Scene, Teaterkjelleren
Aslak Moe:
Røyk over Isdalen
Regi: Aslak Moe
Scenografi, kostyme og foto: Mari Hesjedal
Denne hausten er det 50 år sidan liket av ei sterkt forbrend kvinne blei funnen i Isdalen, like ved ei av Bergens viktigaste drikkevasskjelder. Det har vore skrive og spekulert svært mykje om kven kvinna var, og kva ho gjorde her. Hovudteorien er at ho var spion for ei utanlandsk makt, men i 2018 kom ei grundig bok med ein ikkje like overtydande tese om at ho var prostituert.
I åra 2016–2019 produserte NRK serien Gåten i Isdalen, som også førte til ein podkast laga i samarbeid med BBC. Stykket Aslak Moe har skrive og sjølv har regien på, er dels ei litt farseprega latterleggjering av NRK-serien, som skal ha vore full av feil, dels ei promovering av prostitusjonsteorien.
Kanskje er det ikkje så lett å lage dramatikk av denne historia, men materialet er i seg sjølv så spennande at det skulle vere råd å få til noko meir interessevekkjande enn dette. Moe har gjort det til ein miks av fakta og fiksjon, med fleire roller som dei medverkande går inn og ut av, og med ein slags hovudperson som er ein interessert utanforståande. Men det verkar så halvhjarta og uinspirert at teatersjefen burde ha gripe inn. Å lage teater av lokalt stoff har ein rik tradisjon, men denne framsyninga er av same slaget som den kunstnarlege fiaskoen Skipet de Zee Ploeg på same teateret for halvtanna år sidan.
Med tanke på den sterke, velkomponerte monologen 0+0=4, som Aslak Moe for nokre år sidan var med på å lage om justismord i Noreg, er det uforståeleg at denne lettvinte, ufokuserte framsyninga også ber hans signatur. Regien skulle i alle fall ha vore overlaten til ein annan, som kunne sett på stoffet med distanse og truleg gjort det langt betre.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar og journalist og fast teatermeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit større forsvar treng fleire folk. Neste år vil regjeringa tilføre Forsvaret 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Biletet viser unge som tok del i ei opptaksprøve til bachelorutdanning i Forsvaret på Sessvollmoen i fjor.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
Mangel på personell kan bremse Forsvaret
Forsvaret er budsjettvinnar i år, men manglar fagfolk. – Vi er på grensa til ei krise, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo.
Firda på Sandane i Nordfjord er ein av få vidaregåande skular som tilbyr både drama-, dans- og musikkfag. Elevar frå 21 kommunar søker seg hit. Likevel heng trusselen om nedlegging av linjer over han.
Foto: Firda vgs / Vestland fylkeskommune
Slaktar skular med sparekniv
Når fylkeskommunane må kutte, går det hardt ut over den vidaregåande skulen. Fag, linjer og heile skular forsvinn.
Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.
Alle foto: Håvard Rem
Sekstiåttarkryptonitten
SAN ANTONIO: Unge ikkje-vestlege vert lett konservative.
Dei kjem frå tradisjonstru kulturar som ikkje dreg på vestleg skuld.
Teikning: May Linn Clement
Kommunale kvelartak
Den romslegare økonomien til folk flest vert eten opp av dei økonomiske problema til kommunane.
Dette er dei 97 gislane tekne av palestinarar 7. oktober 2023 som framleis er sakna.
Kjelde: «Hostages and Missing Families Forum»
I hendene på Hamas
For eitt år sidan bortførte terroristane meir enn 240 menneske frå Israel. Nokre er sette fri og kan fortelje om grufulle opplevingar. Andre har døydd i tunnelane til Hamas.