Teater
Chaplin kunne knapt gjort det betre
Chaplin: Diktatoren er ein ellevill komedie om makt og galskap, der Eirik del Barco Soleglad stråler i tre roller.
Eirik del Barco Soleglad i rollene som diktator Adenoid Hynkel, ein jødisk barber og filmregissør Charlie Chaplin.
Foto: Sebasitan Dalseide
Denne oppsetjinga er sluttsteinen i teatersjef Solrun Toft Iversens freistnad på å lyfte fram kunstens rolle og kraft. Med Chaplin: Diktatoren har ho truleg sikra fulle hus fram til jul, for dette er eit gedigent overskotsprosjekt, fullt av humor, også «farleg» humor, med gode prestasjonar i alle ledd og med ein lysande prestasjon av Eirik del Barco Soleglad i rollene som diktator Adenoid Hynkel, ein jødisk barber og filmregissør Charlie Chaplin.
I botnen ligg Chaplins ikoniske film Diktatoren frå 1940. På ein fiks og svært velfungerande måte har så dei to forfattarane kopla scener frå filmen med innspelinga av filmen og ei friare attgiving av politiske hindringar i samtida som verka inn på filmproduksjonen. I tillegg blir det plass til krisa i Chaplins ekteskap med Paulette Goddard, som spelte den kvinnelege hovudrolla i Diktatoren.
Om kunstens krav
Slik blir stykket ikkje berre ei historie om kunstens kraft, men også om kunstens krav, eit tydeleg døme på korleis ein kompromisslaus kunstnar kan gå fram. For på filmsettet var Chaplin diktator så god som nokon. Teksten er ei kraftig omarbeiding av noko Morten Joachim skreiv for Rogaland Teater i 2017.
Med ein scenografi der alle element går på hjul, flyttar framsyninga seg lett frå Chaplins filmstudio til diktator Hynkels kontor til ein jødisk getto. Filmen, og scenestykket, byggjer på at same mann (Chaplin/Soleglad) speler både diktatoren og jøden, slik blir dette ein forvekslingskomedie som tydeleg får fram det latterlege i både Hynkel (Hitler) og «diktatorbroren» Napaloni (Mussolini). Og til latter blir dei gjorde, så det held. Mi einaste innvending er at i ein periode i siste akt blir slapsticken og overdrivingane så heftige at dei tek brodden av kritikken. Men dei illustrerer kva for barn desse «storblåsarane» er.
Stumfilmestetikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.