JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Bilete frå ei nær fortid

Tekstane er ujamne, men musikalsk er Heim på topp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sigrid Moldestad (t.v.) er ei berande kraft i framsyninga, meiner Jan H. Landro. Vidare ser vi Morten Svartveit, Kjærsti Odden Skjeldal og Hadle Reisæter.

Foto: Andreas Roksvåg / Hordaland Teater

1650
20190308
1650
20190308

Hordaland
Teater

Ruth Lillegraven, Eirik del Barco Soleglad, Tore Renberg, Gunnar Staalesen, Finn Tokvam, Bjørn Sortland, Solrun Toft Iversen, Mari Hesjedal, Ingrid Jørgensen Dragland, Sigrid Moldestad, Marit Eikemo, Frode Grytten:

Heim. Ei musikalsk
vestlandskrønike, del 2: 1975–1985

Regi: Eirik del Barco Soleglad
Scenografi og kostyme:
Lise Christensen
Musikkansvarleg:
Voksne Herrers Orkester

Andre del av Hordaland Teaters vestlandskrønike dekkjer tiårsperioden frå kvinneåret 1975 til etterverknadene av Alexander Kielland-tragedien og eit stykke kommunal korrupsjon. Dei tjue frittståande tablåa hentar fram tendensar, stemningar og akutte situasjonar, som då 123 menneske gjekk ned med havaristen Alexander Kielland. Eller på den positive sida: då Sogndal spelte cupfinale i 1976. At vinnaren, Brann, knapt er nemnd i innslaget, som avslører den sjølvopptekne pratmakaren utan evne til å lytte, gjer det berre endå betre.

Scenane er attkjennande, alle som ein, men somme manglar dette ekstra som skal lyfte dei frå attkjenning til noko meir. Eit høgdepunkt er Frode Gryttens «Nattope», om han – fint presentert av Claus Sellevold – som er ute og køyrer om natta, ei flukt frå noko det knapt finst flukt frå.

Sigrid Moldestad er ei berande kraft i framsyninga. Musikalsk veit vi jo kva ho kan, men ho taklar også skodespelardelen fint. På herresida tek Claus Sellevold dei tyngste børene, i eit format som passar talentet hans godt. Morten Svartveit er elles eit positivt tilskott, og 17 år gamle Amanda Haga debuterer med fine prestasjonar.

Jan H. Landro

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis