JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Berre delvis vellykka

Nok ei «klassikarfornying» som vil meir enn ho maktar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frode Bjorøy og Kamilla Grønli Hartvig på scena.

Foto: Den Nationale Scene

3422
20210604
3422
20210604

Den Nationale Scene, Store Scene

Ludvig Holberg:

Erasmus Montanus

Omsetjing: Trine Wiggen og Johannes Wiggen Kramhøft
Omarbeidd av Christian
Lollike, Tanja Diers og Dennis M. Brink
Regi: Christian Lollike
Scenografi og kostyme:
Ida Grarup og David Gehrt

Historia om bondeguten Rasmus Berg, som reiser til hovudstaden og kjem heim att som den forlesne Erasmus Montanus, er meir enn rein komedie. Når Christian Lollike, dansk teaters påståtte enfant terrible, gjer Rasmus (Frode Bjorøy) så til dei grader arrogant og nedlatande, er det vanskeleg å sjå noko tragisk i fallet hans. Men lærdomstragedien er intakt også etter at Lollike har fått herje med teksten, og kanskje tydelegare enn før lyftar oppsetjinga fram noko som er meir relevant i dag – sanningsfundamentalismen og korleis stadig pukking på nye sanningar kan fjerne ein frå folk.

Norsk verdidebatt

Lollike har altså teke for seg Holbergs tekst og både stroke og fritt dikta til. På det viset har han også fått inn den norske verdidebatten, som politikarar som Sylvi Listhaug og Linda Hofstad Helleland dyrkar med like dosar entusiasme og sneversyn. For der Holberg nøydde seg med å la hovudpersonen framføre den «umoglege» påstanden om at jorda er rund, lèt Lollike sin Erasmus også påstå at Noreg ikkje er ein kristen nasjon, verdiane vi held oss med er henta – ikkje frå Bibelen, men frå opplysingstida. Diverre er dette gjort på lettvint og uelegant vis. Holberg hadde nok klart det langt betre, vil eg tru. Då er harpinga på språkteori frå slutten av førre hundreåret meir vellykka.

Men kva for verdiar held bondesonen frå Berg seg med? Han vil gjerne gifte seg med Lisbeth (Kamilla Grønli Hartvig) og påstår at han elskar henne. Men viktigare er kva medstudentane i Christiania (ikkje København, Lollike har med vekslande hell «fornorska» ei oppsetjing frå Aarhus Teater) vil tenkje om han avsver sanninga om at jorda er rund. Og aller viktigast er hans eige velvære. Berre trugsmålet om å måtte gå i krigen får han nølande til å bøye hovud.

Klasseperspektiv

Det uekte – dermed også det usanne – går gjennom heile framsyninga. Alle dei medverkande, med unnatak for Rasmus/Erasmus, er maskerte og beveger seg ekstremt stilisert som automatar, omgivnadene er fantasilaust gråe (som trua på at det vi alltid har visst, alltid vil vere rett), Per Degn (Bjørn Willberg Andersen) er like falsk som han alltid har vore, og scenografien er laga av papp.

På eitt tidspunkt gir Erasmus seg til å demontere heile dette pappverket. Men den klassereisande Rasmus er ikkje mindre uekte, full av geberdar som han er. Berre forakta han syner for både foreldra og andre i landsbyen, verkar ekte. Den einaste som representerer fornufta, er Jacob (Knut Erik Engemoen), bror til Erasmus, som ikkje får kalle han bror og slett ikkje tiltale han med du.

Betre enn i mange oppsetjingar eg har sett, er klasseperspektivet teke vare på. Både mellom høg og låg, men også mellom utdanna og uutdanna, der Erasmus rett nok hamnar i eit stort tomrom.

Diverse uelegante påfunn og blodige skrekkfilmscenar mot slutten overtyder meg berre om at Lollike ikkje heilt trur på sitt eige prosjekt. Men eg gir han poeng for å la koret (joda, han har med eit salmesyngjande kor) til slutt framføre gravferdssalmen «Alltid freidig», med sluttverset «Kjemp for alt hva du har kjært, dø om så det gjelder!».

Jan H. Landro

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis