Film

Tannlaus moro

Dei fleste kan lika Solsidan, om det nokosinne var eit kvalitetsteikn.

Josephine Bornebusch som Mickan Schiller i filmen basert på fjernsynsserien.
Josephine Bornebusch som Mickan Schiller i filmen basert på fjernsynsserien.
Publisert

Barndomsgjengen og dei inngifte konene deira held fram i filmatiseringa av TV-serien Solsidan som gjekk på svensk og norsk fjernsyn frå 2010 til 2015. Men Alex (Herngren) og Anna (Skäringer) skal gå kvar til sitt, og bestekompis Fredde (Johan) fortviler.

Muzak

For dei som er kjende med TV-serien, er det sjølvsagt ingenting å frykta: Her er same kleine situasjonane, vanskelege venekjemien og statusjaget. Som i alle TV-til-film-produksjonar er det om å gjera å dra med seg hovudkjernen frå serien og mjølka han alt ein kan, utan å verken øydeleggja den opphavlege stemninga eller bryta for mykje med konseptet. Slik er filmatiseringa bra vellukka. Som film, derimot, er Solsidan ein likandes, men like fullt lettgløymd affære – litt som sidespranga til hovudpersonane. Du veit, musikken som strøymer utover høgtalaranlegga på kjøpesentra, musikken som er sett på for å tekkjast flest mogleg utan å verken engasjera eller fornærma, det me i gamle dagar kalla heismusikk – slik er Solsidan.

Illa gumman

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement