Bok
Tankens musikk
Yoko Onos tekstar er forfriskande konseptkunst med tydelege poetiske dimensjonar.
Simen Haerup har gjendikta Yoko Onos tekstar frå engelsk.
Foto: Christian Ditsch
Yoko Onos Grapefruit vart publisert for første gong i 1964 og kom i ein utvida versjon i 1970. Boka er rekna som eit døme på konseptkunst. I konseptkunsten er ideen eller utføringa ein like viktig meiningsberar som det ein kan sjå i det materielle resultatet. Ofte kan konseptkunst verke konstruert og ha noko sterilt og utvendig over seg, i og med at ideane har ein så framskoten plass, men tekstane i Grapefrukt har tydelege poetiske dimensjonar ved seg, i tillegg til at dei er refleksjonar over kunstnariske praksisar.
Mogleg verk
Boka består av ei rad handlingsinstruksjonar til tenkte kunstverk. Typisk er teksten «Maleri for å se rommet»: «Bor et lite, nesten usynlig, hull/ i midten av lerretet og se/ rommet gjennom det». Teksten kan minne om utkast til ein performance. Det er som om denne og dei andre tekstane peikar på eit enno ikkje realisert, men tenkt og mogleg verk. Vekta ligg på aksjon, praksisar som set noko i gong og skaper «et syn i tanken».
I ein av dei meir teoretiske tekstane skriv Ono noko om den konkrete bakgrunnen for framgangsmåten, og kva han fører til: «Metoden kan føres tilbake til andre verdenskrig, da vi ikke hadde noe annet å spise og broren min og jeg utvekslet menyer i lufta.»
Sjølv om tekstane nesten manisk føreskriv handlingsutkast, og altså ofte verkar å nytte same grep, får ein som lesar likevel inntrykk av overskot, overraskingar og mangfald. Ei rad tekstar er skrivne til ulike kunstformer, til musikk, biletkunst og dans. Ono blandar også teikningar med tekst, lagar spørjeskjema, skildrar framføringar, presenterer program og brev eller kjem med ein fotnote til eit føredrag. Slik sett lever tekstsamlinga opp til Onos syn på grapefrukta: «Grapefrukt er en hybrid av sitron og appelsin.»
Humor
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.