Bok
Takk for boka
Denne bokmeldinga avslører for mykje av innhaldet. Men det var ikkje anna råd, slik denne fabelaktige romanen er bygd opp.
Alex Schulman er forfattar og journalist.
Foto: Martin Cederblad
På 90-talet ein gong fekk eg for meg at det var lenge sidan eg hadde ringt farmor, og at eg måtte slå på tråden. Eg slo nummeret, 46 40 33, utan retningsnummer, for slik var det før. Mens telefonen leita opp adressaten, kom eg på at farmor hadde jo vore død i sju år. Er det mogleg?
Ja, det er mogleg å henge etter si eiga tid.
Ring eigen barndom
Det som verkar mindre sannsynleg, er å ringe til sin eigen barndom. Det er det hovudpersonen Vidar gjer i Alex Schulmans roman 17. juni. I farens gamle telefonbok finn han, når han ryddar ut av dødsbuet, nummeret til den gamle heimen sin. Han tastar nummeret og kjem til faren, mora, søstera og seg sjølv, alt etter kven som tar telefonen. Han snakkar med dei om ulike ting kvar dag, for han ringer fleire gongar, og han skjønar at dei i andre enden alltid er plassert i 17. juni 1986.
Året då Tsjernobyl-ulukka skjedde, då Olof Palme vart drepen, då romferja Challenger eksploderte, då Maradona blei helt i fotball-VM i Mexico. Men dei i den andre enden veit ikkje kva som skjer sidan, kven som vinn fotball-VM, eller korleis livet deira skal bli, og dei anar ikkje kven han som ringer, er.
Vidar ringer altså til sin eigen barndom, og set i notida opp eit etterforskarsystem på veggen med lappar som fortel om kvart sekund denne dagen. Då fiska dei gjedde og åbor, då spelte dei fotball, og plutseleg kjem det ein urovekkande pause på ein snau time, innleia av 8 år gamle Vidars fortvilte gråt. Kva skjedde i det einaste tidsrommet vaksne Vidar ikkje får tak i?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.