Film
Syria, Syria
Av og til skulle eg gjerne kunna sagt at det berre var på film.
På mange måtar verkar nok døden fjern også på dei som har han så tett på.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Bombene fell over ein syrisk by, og inne i ei lita leilegheit oppheld Oum (Abbass) seg saman med tre ungar, kjærasten til dottera, svigerfar, naboen Halima (Abboud) og den vesle sonen hennar og hushjelpa Delhani (Navis). Me snakkar ikkje store plassen, men om du tenkte det var ei enkel husrom/hjarterom-forteljing, kjem det større utfordringar enn det eit menneske nokosinne kan sjå for seg.
Bomber og granatar
Husværet ser kanskje enkelt ut, men ein skjønar raskt at dei mange fulle bokhyllene vitnar om ein ressurssterk familie. Måten dei snakkar saman på, viser progressive tankesett. Mobilane syner ein moderne familie i eit moderne samfunn. Og det er sjølvsagt slik store delar av dei krigsherja områda i Syria er. Effekten den belgiske regissøren Philippe Van Leeuw vil oppnå og oppnår, er å tvinga sjåaren til å identifisera seg langt meir enn ein ofte gjer i filmar med krigstema. Dei mange detaljane om kvardagsliv understrekar det forferdelege i det som skjer. På mange måtar verkar nok døden fjern også på dei som har han så tett på.
Matriarkatet
Det herskar liten tvil om kjønnsleg hierarki i heimen – mor styrer med hard hand, medan far er ute og forsørger familien. Denne fordelinga er turvande, men mor Oum er langt frå noko forsagt vesen som legg stille til rette – det er ei sterk kvinne som held i trådar som vinglar i alle retningar, og ho tek avgjersler ein helst aldri skal måtta ta. Dette held også spenninga oppe i filmen, til liks med den stadig veksande kjensla av at noko grueleg vil skje: ei bombe kan falla, snikskyttarane kan slå til, plyndrarar kan ta seg inn i leilegheitskomplekset. Oppi dette skal ein vurdera om ein skal forlata landet, og om det i det heile teke lèt seg gjera.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.