Teater

Syretripp i éi akt

Den ambisiøse dramatikar- og regidebuten vert slitsam.

Sigurd Myhre, Stine Fevik og Andrine Sæther står på scena i det nyskrivne stykket.
Sigurd Myhre, Stine Fevik og Andrine Sæther står på scena i det nyskrivne stykket.
Publisert

Når ein vert presentert for nye dramatikarrøyster, kan ein stundom ha bruk for å spørje seg: Kva er eigentleg dramatikk? Vi «gæmlisar» håpar vel framleis på å kunne identifisere karakterane og at handlinga er nokolunde samanhengande.

Stykket Jell-o-shot på Torshovteatret er ein urpremiere på eit stykke av ein lovande ung dansk dramatikar – og sveineprøva til ein nyutdanna norsk regissør. Det skal handle om ei ung kvinne som hamnar i ei brå livskrise. Stine Fevik, som spelar hovudrolla, klarer absolutt å framstille eit menneske som går på ein smell. Men det er vanskeleg å skjøne kva som utløyser det, og kva som i det heile går føre seg med henne.

Ikkje med min beste vilje kan eg sjå at denne teksten kommuniserer med publikum. Den hyperaktive regien hjelper heller ikkje særleg på, og det einaste vi såleis kan rose skodespelarane for – i tillegg til Fevik er det Andrine Sæther og Sigurd Myhre – er den gode kroppskontrollen deira.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement